Harald Viggo Hansteen (13. september 1900–10. september 1941) var ein norsk jurist og politikar. Hansteen vart avretta under den andre verdskrigen.
Liv
Mellomkrigstida
Som student var Hansteen med i etableringa av Mot Dag. Etter at samarbeidet mellom Mot Dag og Norges Kommunistiske Parti (NKP) opphøyrde i 1929 vart han verande i partiet NKP. Han vart høgsterettsadvokat i 1933, og juridisk konsulent for LO frå 1936.
Okkupasjonstida
Etter den tyske okkupasjonen vart LO sin lovleg valde leiar Konrad Nordahl avsett, og Jens Tangen innsett som ny leiar. Hansteen medverka sterkt til å hindra forsøket av nasjonal Samling på å vinna kontroll over LO.
I september 1941 braut det ut ein spontan streik bland arbeidarar i Oslo, kjend som melkestreiken. Streiken vart utløyst ved at matforsyningane under den tyske okkupasjonen vart stadig dårlegare, og då mjølk ikkje vart levert til arbeidsplassane måndag 8. september 1941, gjekk arbeidarane ved fleire føretak umiddelbart heim.[1]
Dagen etter, 9. september, streika om lag 25 000 arbeidarar i Oslo.[2][3] Om lag ein månad før streiken hadde den tyske administratoren i Noreg, rikskommissær Josef Terboven kunngjord at streik ville føra til unntakstilstand og standrett.
Då streiken vart eit faktum, slo dei tyske okkupasjonsstyresmaktene raskt til. Josef Terboven heldt sitt ord, og erklærte unntakstilstand i Oslo og Aker. Dei arresterte mellom anna Hansteen og klubbformann Rolf Wickstrøm.
Hansteen vart saman med Wickstrøm avretta 10. september 1941 under unntakstilstanden som følgje av mjølkestreiken.
Ettermæle
På rettarstaden, Oslo Austre skytterlag si bane på Årvoll i Oslo, vart det i 1948 reist ein bautastein i granitt med bronserelieff. Bautasteinen er laga av Nic Schiøll. I steinen til minne om Hansteen og Wickstrøm står det skrive: «De første offer i Norges frihetskamp 1940–45. Skutt av tyskerne 10. september 1941».[4] Viggo Hansteen er òg minna ved at ein parsell av Ring 3, den ytste ringvegen rundt Oslo, frå Smestadkrysset til Slemdalsveien ber hans namn.
Hansteen og Rolf Wickstrøm er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm har òg fått to parallelle gater i Lillestrøm oppkalla etter seg.
Enka til Hansteen, Kirsten Hansteen, vart den første kvinnelege statsråden i Noreg i Einar Gerhardsen si samlingsregjering i 1945.
Oldefar til Hansteen var vitskapsmannen Christopher Hansteen, onkelen hans var anarkisten Kristofer Hansteen, grandtanta var kvinnesaksforkjemparen Aasta Hansteen, og sjølv var han svoger til folkeopplysaren og embetsmannen Karl Evang.[5]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Litteratur
- Harald Berntsen, To liv - en skjebne : Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm, Aschehoug, Oslo, 1995 ISBN 82-03-26002-0 (Ebok frå bokhylla.no)
- «Viggo Hansteen», frå Norsk biografisk leksikon
- Avrettingane av Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm, artikkel hos Norgeshistorie.no
- Politiske talar av Viggo Hansteen, virksommeord.uib.no
- Nordahl Griegs minnedikt «Viggo Hansteen», publisert i samlinga Fridomen (1944), Bergen Offentlege Bibliotek
- «Bekransning av Viggo Hansteens og Rolf Wickstrøms gravstad», statsminister Gro Harlem Brundtlands tale ved bekransning av Viggo Hansteens og Rolf Wickstrøms gravstad på Vår Frelsers gravlund i Oslo, 17. mai 1995
- Nettstader