Da Josef Stalin hadde tatt all makt i det sovjetiske kommunistpartiet, slo det inn på ein ekstrem "venstre"-kurs på slutten av 1920-talet, blant anna med den berykta "sosialfascisme"-tesen der andre sosialistar blei gjorde til hovudfiende, og parole om å bekjempe "reformistiske" fagforeiningar. Dette førte til minka oppslutning om NKP, og til at fleire av partiet sine leiande politikarar, mellom dei Olav Scheflo, gjekk ut av partiet og inn i Ap. På 1930-talet hadde NKP nesten inga oppslutning i val, men spelte ei viss rolle i konkrete saker som solidaritetskampanjen for Spania under den spanske borgarkrigen.
Under okkupasjonen 1940-1945 gjekk NKP under leiing av Peder Furubotn inn for aktiv væpna motstand mot okkupasjonsmakta og NS-styret. NKP-medlemmene Ragnar Solli og Asbjørn Sunde og deira "gjengar" var blant dei fremste sabotørane i heile den norske motstandsrørsla. NKP leid store tap, både i kamp og ved at mange leiande kommunistar blei torturerte i hel eller avretta av nazistane.
Denne innsatsen for Noregs fridom førte til sterkt auka støtte for partiet. Ved valet i 1945 fekk NKP over 11 % av stemmene.
Men under den kalde krigen minka oppslutninga igjen, både fordi partiet insisterte på sitt nære samband med Det sovjetiske kommunistpartiet, og på grunn av eit veldig press frå styresmaktene og heile det etablerte Noreg mot dei, der dei blei skulda for å førebu landssvik i tilfelle konflikt med Sovjetunionen. Det er no kjent at i denne perioden hadde ulovleg overvaking og ulovleg samband mellom dei hemmelege tenestene og regjeringspartiet Ap eit relativt stort omfang (jf. Lund-kommisjonen).
I 1949 blei NKP også splitta, da Furubotn og tilhengarane hans blei ekskluderte (utestengde) frå partiet, skulda for å vere "titoistar".
Etter den tid har NKP gått tilbake til ein tradisjonell, nostalgisk kommunisme, og partiet er lite og ubetydeleg, bortsett frå i eit par kommunar der dei spelar ei lokal rolle. NKP gir ut avisa Friheten, og ungdomsforbundet heiter Norges Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU).
↑Med «kommunistane» er her meint NKP, sjølv om også Ap kalla seg kommunistisk fram til ca. 1927. Ungdomsorganisasjonen til Ap, Norges Kommunistiske Ungdomsforbund, følgde NKP ved kløyvinga, og Ap-ungdommen kalla seg frå 1923 til 1927 Venstrekommunistisk Ungdomsfylking (no Arbeidernes Ungdomsfylking AUF).
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2021. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad.