Innovasjon- og teknologipartiet (ITP), tidlegare Piratpartiet, er eit norsk politisk parti som ifølgje det politiske programmet sitt fører ein politikk basert på at «kunnskap og kultur skal deles og gjenbrukes, at individets rettigheter skal forsvares, og at Internett muliggjør en mer direkte og demokratisk politisk modell».[1]
Partiet blei stifta i 2012, men har hatt låg oppslutning ved val.[2][3][4] Ved stortingsvalet i 2021 fekk partiet 2 308 røyster, noko som svara til under 0,1 % av samtlege gjevne røyster.[4]
Den 11. mars 2023 vedtok landsmøtet å bytte namn på partiet til Innovasjon- og teknologipartiet.[5]
Program og ideologi
Grunnprinsippa til Innovasjon- og teknologipartiet per 2017 var «full åpenhet i statsforvaltningen, personvern på internett samt mer og bedre bruk av IT og teknologi for å få til et best mulig demokrati».[6] I valprogrammet for 2017 hadde partiet også politikk på ei rekkje andre saksområde.[7]
Per 2023 har Innovasjon- og teknologipartiet definert følgjande verdiar som grunnlag for politikken til partiet.[8]
Vi er frie
Vi respekterer privatliv
Vi er kritiske
Vi er rettferdige
Vi respekterer liv
Vi ivrar etter kunnskap
Vi er solidariske
Vi er internasjonale
Historikk
I 2009 skreiv enkelte medium om at det svenske Piratpartiet ville starte eit systerparti i Noreg, og Piratpartiet Noreg blei resultatet.[9] 16. juni 2012 inviterte partiet til startmøte i Trondheim[10] for å bli einige om ein strategi for å skaffe dei 5 000 underskriftene som lova kravde for at eit politisk parti skulle bli registrert i partiregisteret.[10] Partiet hadde fått 5257 underskrifter den 16. desember 2012, og desse underskriftene blei sende inn til registrering.[11]
Piratpartiet stilte også liste i 13 fylke, tre kommunar (utanom Oslo) og ein Oslo-bydel til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015.[16] Dei stilte under stortingsvalet 2017 med lister i elleve fylke.[17] Ved stortingsvalet 2013 blei partiet det tolvte største partiet i Noreg i røystetal med 9868 røyster, men utan stortingsrepresentantar. Dei fekk flest røyster i Sør-Trøndelag, med 0,5 % av røystene.[18]
Stortingsvalet 2017
Ved stortingsvalget 2017 fekk Piratpartiet 3348 røyster totalt, og blei dimed det 15. største partiet i Noreg.[19]
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget i Norge 2019 fekk Piratpartiet 908 røyster totalt i Oslo og Bergen, som var dei einaste kommunane dei stilte liste i, og 3538 røyster totalt i fylkestingsvalet, der dei stilte liste i dei fire fylka Agder, Trøndelag, Vestland og Viken.[20] I Arendal stod politisk nestleiar Svein Mork Dahl på 18. plass på den tverrpolitiske Hovelista, men enda opp på 9. plass etter at personrøyster og slengjarar var talde opp.[21] Hovelista fekk 5,9 % av røystene ved valet, og to innvalde representantar.[22] Dahl blei nestleiar i Klageutvalget og Sakkyndig ankenemnd eiendomsskatt i Arendal kommune etter valet, men seinare leiar for Sakkyndig ankenemnd i Arendal kommune.[23]
Svein Mork Dahl blei vald til leiar av partiet i 2019 og er fortsatt leiar (per mars 2023). Olav Handeland er organisatorisk nestleiar og Kari Toreskaas er politisk nestleiar.[24]
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2021. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad.