Industri- og Næringspartiet (INP) er eit politisk parti i Noreg som blei skipa på Vemork på Rjukan den 29. februar 2020.[6] Det skildrar seg sjølv som sentrumsorientert.[7] Ungdomsorganisasjonen til partiet er Industri- og Næringspartiet Ungdom (INPU).[8]
I oktober 2022 hadde Industri- og Næringspartiet 7 000 medlemmar, og i august 2023 hadde medlemstalet passert 11 600.[9] Partileiar er Owe Ingemann Waltherzøe.[7]
Industri- og Næringspartiet samla dei naudsynte 5 000 underskriftene frå røysteføre nordmenn og blei registrert som nasjonalt politisk parti av Brønnøysundregistra 6. mai 2020.
Program og ideologi
Industri- og Næringspartiet plasserer seg sjølv i det politiske sentrum. Partiet har ingen uttalt ideologi, men har kalla seg eit sentrumsorientert moderat parti med verdiar frå både høgre- og venstresida i det politiske landskapet.[10][11][12] Partiet legg «sunn fornuft», demokrati, rettferd og utvikling av norsk næring til grunn for sin politikk. Partiet er motstandar av norsk EU-medlemskap, EØS-avtalen, vindkraft og elektrifisering av sokkelen.[13] Partiprogrammet blei utarbeida med utgangspunkt i forslag frå medlemmar av Facebook-gruppa til INP.[14] Partiet heitte, i utviklingsfasen, kun "Industripartiet (IP)", men endra tidleg namn til dagens "Industri- og næringspartiet (INP)".[15]
Då det nye partiet skulle presentere seg for den norske ålmenta, lanserte det slagorda «Stabilitet og forutsigbarhet» og «Utvikling, ikke avvikling». INP kunngjorde at det blant anna ville arbeide for å hindre ei avgrensing av olje- og gassnæringa og for betre rammevilkår for næringslivet generelt.[10]
Fusjon med Helsepartiet
31. januar 2023 vedtok Helsepartiet å fusjonere med Industri- og Næringspartiet.[16][17] Helsepartiet slutta dimed som sjølvstendig parti.
I fylkestingsvalet fekk Industri- og Næringspartiet 4,3 % av røystene.[22] Partiet hadde størst oppslutning i Telemark og Vestland, med høvesvis 6,7 % og 6,1 % av røystene.[23]
Industri- og Næringspartiet blei målt til 3,5 % oppslutning på landsbasis i partibarometeret til VG 14. mars 2023, og ville fått to representantar på Stortinget.[24]
INP blei i august 2023 målt over sperregrensa tre gongar. Partiet fekk 4,6 % oppslutning på InFacts augustmåling,[25] like før Norstat publiserte sitt partibarometer, der INP fikk 4,8 %.[26] Målinga til Sentio er partiets hittil høgaste, på 5,1 %.[27]
Partileiing
Owe Ingemann Waltherzøe er per januar 2023 partileiar, Joar Nesse er 1. nestleiar og Finn Arne Follestad er 2. nestleiar.[7]
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2021. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad.