18. september 1898 (67 år)Christiania
Brynjulf Bergslien (fødd 12. november 1830 på Voss, død 18. september 1898 i Christiania) var ein norsk bilethoggar, utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi under Herman Wilhelm Bissen og Jens Adolf Jerichau.[1]
Han har laga fleire monument i Oslo; ryttarstatuen av Karl Johan framfor slottet og statuane av Henrik Wergeland og Johannes Brun i Studenterlunden er dei mest kjende. Han var bror til kunstmålaren Knut Bergslien og farbror til kunstmålaren Nils Bergslien.
Bergslien fekk St. Olavs Orden i 1875.[1]