Francis Bull (4. oktober 1887–4. juli 1974) var ein norsk litteraturhistorikar frå Kristiania.
Han var professor i norsk litteraturhistorie ved Det Kongelige Frederiks Universitet frå 1920 og styreleiar i Gyldendal Norsk Forlag i mange år. Han vart òg kjend for sine fjernsynskåseri på 1960-talet.
Fagleg var hans virksomhet prega av den historisk-biografiske metoden. Bull arbeidde særleg med forfattarar frå «gullalderen», særleg Bjørnstjerne Bjørnson. Eit hovedverk er band 2 av Bull, Paasche og Winsnes: Norsk litteraturhistorie (1929, ny utg. 1958). Han var redaktør av Norges nasjonallitteratur i 40 band i 1968.
Bull var blant skiparane av Det Norske Akademi i 1953.
Kjelder
- Helle, Knut (red.). Francis Bull. Norsk biografisk leksikon, Oslo: Kunnskapsforlaget.
- Bratberg, Terje (2007). Den trønderske slekten Bull, Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget.
- Beyer, Edvard (2007). Francis Bull. Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget.
- Ringdal, Nils Johan (1995). Bull, Francis. I Dahl, Hans Fredrik. Norsk krigsleksikon 1940-45. Oslo: Cappelen.
- Ringdal, Nils Johan (1995). Grieg, Harald. I Dahl, Hans Fredrik. Norsk krigsleksikon 1940-45. Oslo: Cappelen. Arkivert 2009-04-20 ved Wayback Machine.
- Rønneberg, Anton (1949). Nationaltheatret gjennom femti år. Oslo: Gyldendal. pp. 384–386.
Bakgrunnsstoff