Christian Krohg (13. august1852–16. oktober1925) var ein norsk målar, forfattar og journalist.[1] Han vert halden for å vere ein av dei største norske biletkunstnarane og han var den viktigaste kunstnaren innan naturalismen i Noreg.
Krohg var fødd i Oslo. Då han reiste til Tyskland for å studere kunst i 1874, var han allereie utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Krohg studerte fyrst i Karlsruhe og så i Berlin. Han blei ein av skagensmålarane, og gjennom opphalda sine på Skagen, dit han kom fyrste gong i 1879, fekk han arbeide saman med målarar som Peder Severin Krøyer, og Anna og Michael Ancher. Dei påverka alle kvarandre og fleire av dei beste måleria hans vart til i Skagen.
Krohg var sterkt inspirert av tenkjarar innan realismen og valde motiv frå kvardagslivet og bileta kunne ofte skildre urett eller sosial naud. Særleg kjend er måleriet Albertine i politilægens venteværelse, som gjengjev ein scene frå hans eigen roman, Albertine frå 1886. Boka skildrar prostitusjon og vakte stor oppsikt og vart inndregen av politiet.
Nasjonalgalleriet i Oslo har mange viktige verk av Christian Krohg, mellom anna Albertine i politilægens venteværelse og Kampen for tilværelsen. Han er også godt representert ved andre norske museum og ved musea i Skagen, København, Stockholm, Malmö og Göteborg.