Betzy Kjelsberg var fødd i Svelvik. Ho hadde norsk far og skotsk mor. Faren, Thor Børresen (1816–72), var skipper. Han døydde då Betzy var barn, og etterlét seg ein gjeldstynga familie.[1] Mora Jessie Børresen (fødd McGlashan, 1842–1915) tok med seg dottera frå Svelvik til Drammen, der ho starta pensjonatverksemd.[1] Etter nokre år gifta mora seg på nytt. Stefaren til Betzy var kjøpmann og ville prøva å etablera seg i Kristiania. Familien busette seg på Grønland i nærleiken av den nye butikken hans.
Etter folkeskulen tok Betzy handelsutdanning samtidig som ho arbeidde.[1] Ho fekk byrja å lesa til examen artium, men avbraut utdanninga då ho i 1885 vart gift med overrettssakførar Oluf Fredrik Kjelsberg.
Paret fekk seks barn. Betzy Kjelsberg er oldemor til den noverande Frp-politikarenSiv Jensen og Nina Jensen, generalsekretær i WWF Noreg.
Karriere og politisk verksemd
Hausten 1883 byrja Betzy Børresen på eit privat kurs hos løytnant Michael Hald for å lesa til examen artium. Hald var matematikklærar på Aars og Voss' skule, og starta opp denne undervisinga etter at den unge kvinna Marie Holst hadde røynt at vanlege skular ikkje ville ta opp kvinnelege elevar. Hald averterte etter fleire studentar, og Betzy vart ei av seks unge jenter som utgjorde Privatskolen til Hald i hans heim i Damstredet.[2] I 1883 oppretta ho og medelevane diskusjonssamskipnaden Skuld, som snart fekk ei rekkje medlemmar som ikkje var elevar på artiumskurset, mellom dei Cecilie Thoresen, som i 1882 hadde vorte den første kvinnelege studenten i Noreg.
I 1885 flytta ekteparet Kjelsberg til Drammen, der Oluf Kjelsberg opna advokatkontor og Betzy verka som sakførarbetjent.[1]
Betzy Kjelsberg skal ha merka seg ut som den første kvinnelege syklisten og den første til å bruka bukseskjørt.[1]
Ho fekk sitt første barn i 1886.
Betzy Kjelsberg byrja tidleg å engasjera seg for å skapa endringar i byen. Ho danna Kvinnelig Handelsstands forening (1894), Drammen Kvinnesaksforening (1896), Drammens husmorskole (1899), Drammens Sanitetsforening (1899) og Drammen Kvinneråd (1903). I 1905 vart ho valgt inn i kommunestyret for Avholdspartiet. Nasjonalt sett var ho sentral i etableringa av Norsk Kvindesagsforening (1884), Kvindestemmeretsforeningen (1885), og ho var med i Norske Kvinders Nasjonalråd (1904), òg som leiar. I 1909 vart ho ei av dei fem første kvinnene i Noreg med tittelen fabrikkinspektør, med arbeidstittel inspektrise. Frå 1926 var ho dessutan viseformann for International Council of Women.
For Venstre var ho, som det første kvinnelege medlemmet, med i sentralstyret mellom 1926 og 1938. Kjelsberg-biograf Magnhild Folkvord hevdar mange hadde venta at ho skulle verta sosialminister i Johan Ludwig Mowinckels regjering i 1928. Kjelsberg kritiserte partileiaren offentleg for å ikkje inkludera kvinner i regjeringa.[3]
Prisar og utmerkingar
Kjelsberg vart 30. januar 1935 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for almennyttig verksemd».[4] I 1916 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull.[5]
På 90-årsdagen for Betzy Kjelsberg sin fødsel i 1956 vart det avduka eit minnesmerke av bilethoggaren Maja Refsum ved Akerselva.[6][daud lenkje] Betzy Kjelsberg vart heidra på frimerke i 1993 og har fleire vegar oppkalla etter seg. Den eine vegen er i Stavanger, Betzy Kjelsbergs gate, den andre i Oslo, Betzy Kjelsbergs vei, vedteke av Oslo bystyre 29. april 1959, og den tredje og siste med same namn på Åssiden i Drammen. Betzy Krisesenter vart etablert i Drammen i 198.
Bøker om Betzy Kjelsberg
Forfattaren Frid Ingulstad gav i 2015 ut ein biografi om Betzy Kjelsberg på Cappelen Damm forlag. Ingulstad skreiv i forordet til boka Betzy. Fortellingen om en norsk foregangskvinne at hennar interesse for Kjelsberg vart vekt då ho leita etter bakgrunnsstoff til ein romanserie om fabrikkarbeidarane ved Akerselva.
Magnhild Folkvord gav i 2016 ut biografien Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar på Samlaget forlag.[7]