Kongen av Noreg er stormeister av ordenen. Dekorasjonane som høyrer til ordenen er kongen sin eigedom, og må leverast tilbake til han når mottakaren døyr.
Skildring
Ordensteiknet er ein maltesarkross i kvitemaljertgull, som i midten framme og bak har ein høgraud glob med ein blå og dobbel kvit ring rundt. På framsida er globen utstyrt med løva frå riksvåpenet i gull, på baksida har han valspråket til kong Oscar I, «Ret og Sanhed». Mellom dei fire krossarmane er det ein krona O i gull skriven med gotisk skrift. Som kommandør- og riddarkross har ordensteiknet ei gyllen kongekrone over krossen.
Til ordenen høyrer det også eit kjede som kongen kan gje innehavarar av Storkorset.