Den norske kyrkja

Den norske kyrkja


Olavsmerket er det offisielle våpenet til Den norske kyrkja.
Org.formDen norske kyrkja
Org.nr.818066872
Skipa1537
LandNoreg[1]
Grunnleggjar(ar)Kristian III av Danmark-Noreg
Nettstadhttps://www.kyrkja.no/

Den norske kyrkja er den offentlege kyrkja i Noreg. I 1537 innførte Danmark-Noreg lutherdomen og braut banda med Den katolske kyrkja. Den norske kyrkja fekk då den dansk-norske kongen som overhovud. Den dag i dag er det framleis kongen som er den øvste leiaren. Kyrkjesaker ligg til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Fram til 1969 var det offisielle namnet Statskyrkja. Etter endring av § 2 i Grunnlova 21. mai 2012 har ikkje Noreg ein offentleg religion. I § 16 blir Den norske kyrkja omtala som «folkekyrkja» og paragrafen slår samstundes fast at alle trussamfunn skal «bli stødde på lik line».[2] Etter grunnlovsendringa i 2012 skal det innførast ei ny kyrkjeordning, med ei meir sjølvstendig kyrkje, som ikkje er eit statleg forvaltingsorgan.[3]

Tru

Den norske kyrkja har, i tillegg til Bibelen som er det grunnleggjande skriftet, fem vedkjenningsskrift:

Embete

Biskop

Bispemøte i april 2009.
Foto: www.kyrkja.no

Det høgste embetet i kyrkja er bispeembetet. Då statskyrkja blei oppretta i 1537 blei bispeembetet avskaffa, og biskopane blei erstatta med superintendentar. Dei fylte stort sett dei same funksjonane, men kongen ynskte å markere eit brot med den katolske forståinga av embetet. Tittelen biskop blei gjeninnført seinare, men med ein klår luthersk definisjon av embetet. Den norske kyrkja avviser doktrinen om apostolisk suksesjon, sjølv om det gjennom samarbeidet med den anglikanske kyrkja er mogleg å bli prestevigd i apostolisk suksesjon. I 1993 blei Rosemarie Köhn den fyrste kvinnelege biskopen i kyrkja.

Den norske kyrkja har 11 bispedøme.

Prest

Prestane er ordinerte, men ordinasjonen blir ikkje rekna som eit sakrament. Både menn og kvinner kan ordinerast, og dei treng ikkje leva i sølibat.

Kvart bispedøme er delt inn i prosti, og dei 103 prestane som leier desse, har tittelen 'prost'. 11 av dei er knytte til ei domkyrkje, og har difor tittelen 'domprost'. Kvart prosti er delt inn i sokn. Prosten er sjølv prest i eitt av sokna.

Diakon

Diakonar blir ikkje ordinerte, men er vanleg tilsette. Dei har ansvar for det diakonale arbeidet i kyrkjelyden, som t.d. sorgarbeid, hjelp til eldre og trengande osb. Det blir kravd anten teologisk eller helse- og sosialfagleg bakgrunn.

Kateket

Kateketar er ikkje-ordinerte tilsette med ansvar for trusopplæring. Det blir kravt bakgrunn frå teologi eller pedagogikk (med hovudvekt på kristendomsopplæring).

Kyrkeverje

Kyrkjeverja er dagleg leiar for det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, og har driftsansvaret for kyrkjebygg og kyrkjegardar.

Klokkar

Kvar kyrkje kan ha ein klokkar som er underlagd kyrkeverja. Hans hovudoppgåver er å hjelpe presten ved kyrkjelege handlingar, og å føre kyrkjebøkene. Mange stader blir oppgåvene til klokkaren utførte av andre kyrkjeleg tilsette, underlagd kyrkjeverja.

Organ

Den norske kyrkja sitt overhovud er monarken i Kyrkjeleg statsråd. Ansvaret for kyrkjesaker ligg til kyrkjedepartementet. Stortinget har påverknadskraft gjennom Stortingets kyrkje- utdannings- og forskingskomité, og gjennom lovgjeving.

Det høgste organet i kyrkja er kyrkjemøtet (oppretta 1984), der alle bispedømeråda og biskopane er med.

Deretter kjem bispemøtet, det vil seie kollegiet av biskopar. Dei samlast tre gonger i året, og blir leidd av ein preses.

Kyrkjerådet (oppretta 1969, omdefinert 1984) er eit førebuande organ for kyrkjemøtet, og utøvande organ mellom samlingane til kyrkjemøtet.

Lærenemnda (oppretta 1988) er eit sjølvstendig sakkunnig organ som handsamar lærespørsmål. Ho er sett saman av somme eller alle biskopane, sakkyndige oppnemnde av dei tre teologiske fakulteta og representantar for lekfolket. Talet på medlemer varierer etter kva saker som blir handsama.

Mellomkyrkjeleg råd har ansvar for kontakten med systerkyrkjer i andre land og internasjonale organisasjoner, samt for økumenisk og mellomreligiøs kontakt i Noreg.

Samisk kyrkjeråd (oppretta 1992) arbeider for å sikre eit tilbod på samisk språk i kyrkja, og for å sikre at samiske tradisjonar blir respekterte.

Ungdommens kyrkjemøte (fyrste gong 1993) er eit rådgjevande organ som skal sikre at ungdom i kyrkja når fram med sine synspunkt.

Sakrament og kyrkjelege handlingar

Den norske kyrkja har to sakrament: Dåp og nattverd. I tillegg er det andre kyrkjelege handlingar, somme av dei blir rekna som sakrament i andre kyrkjesamfunn.

Dåp

Dåpen blir rekna som ei reinsing frå all synd, og den døypte blir med i kyrkja. Etter luthersk lære blir barnedåpen rekna som rett og tilrådeleg. Dåpen skjer til vanleg ved ausing av vatn på hovudet, men i somme kyrkjer finst det døypefontar som har plass til heil eller delvis neddukking av små born. Udøypte born av foreldre som er medlemer av Den norske kyrkja blir rekna som tilhøyrande, men ikkje som fulle medlemer.

Nattverd

Etter luthersk lære er nattverden eit sakrament der Jesus Kristus er til stades og gjev lekamen og blodet sitt i brød og vin. Born kan motta nattverden frå 6-7 årsalderen når dei kjem saman med vaksne.

Konfirmasjon

Konfirmasjonen blir ikkje rekna som eit sakrament, men som ei stadfesting og styrking av dåpen. Reformatorane avviste den katolske forståinga av konfirmasjonen som eit eige sakrament, men såg han heller som ei førebuing til å motta nattverden. I 1736 blei konfirmasjonen gjort obligatorisk for alle i Noreg. Før konfirmasjonen får ungdomane opplæring gjennom den lokale kyrkjelyden.

Skriftemål

Det lutherske skriftemålet skil seg frå det katolske ved at presten som tek imot skriftemålet ikkje gjev noka syndsforlating. Luther rekna skriftemålet som ein viktig reiskap for å vedkjenne sine synder og få rettleiing, men tilgjevinga kan ein berre oppnå gjennom tru og Guds nåde, ikkje gjennom ei kyrkjeleg handling. Skriftemålet finst i Den norske kyrkja, og dei seinare åra har det blitt stadig meir populært. I somme kyrkjer snakkar ein om å innføre skriftestolar, men dei fleste stadene er det prestekontoret eller heimen som blir nytta.

Giftarmål

Etter luthersk lære er ekteskapet fyrst og fremst ei borgarleg sak, men det bør stadfestast med ein kyrkjeleg seremoni. Giftarmål er ikkje eit sakrament i Den norske kyrkja.

Tidlegare rekna Den norske kyrkja ekteskapet som uoppløyseleg, men i det 20. hundreåret snudde dette, slik at det no er eit mindretal av prestane som ikkje godtek gjengifte. Dei prestane som ikkje godtek gjengifte har høve til å reservere seg mot å vie fråskilde.

Ordinasjon

Ordinasjon av prestar blir ikkje rekna som eit sakrament, men som ein velsigningsseremoni og ei stadfesting av at ein person er verdig og kunnig nok til å arbeide som prest. Biskopar blir velsigna i ein eigen seremoni i samband med innsetjinga.

Tilhøvet mellom kyrkje og stat

Dei seinare åra har det vore ein del debatt om ein skal skilje kyrkja og staten, og korleis det i så fall skal skje. Fleire utval har handsama denne problemstillinga, seinast Gjønnes-utvalet som blei oppretta 14. mars 2003 og la fram innstillinga si 31. januar 2006.

I 2008 og 2012 blei statskyrkja vidareført av Stortinget, men fekk større sjølvstyre.[4][5][6]

Fotnotar

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 55400, Wikidata Q7061260 
  2. Grunnlova, Lovdata, lese 2. august 2015.
  3. Ny kyrkjeordning (PDF)
  4. Løsere bånd, men fortsatt statskirke, arkivert frå originalen 8. januar 2014, henta 6. juni 2012 
  5. NRK (16. april 2012), «Kirkerådet skal ansette biskoper», NRK (på norsk bokmål), henta 15. august 2023 
  6. Forbund, Human-Etisk, «Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk», Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk (på norsk), henta 15. august 2023 

Bakgrunnsstoff

Read other articles:

Nakhoda IntanLahir Payokumbuah, Luhak Limopuluah, MinangkabauMeninggal Pulau Pinang, Semenanjung MalayaKebangsaan MinangkabauPekerjaanSaudagarDikenal atasPeneroka pemukiman perantau Minang di Pulau Pinang, Semenanjung Malaya Nakhoda Intan atau Haji Mohamad Saleh (lahir di Payokumbuah, Luhak Limopuluah, Minangkabau – meninggal di Pulau Pinang, Semenanjung Malaya) adalah seorang saudagar Minangkabau yang aktif dalam perdagangan lintas Selat Malaka pada paruh pertama abad-18. Ia bersama dua o...

 

دوري نجوم قطر الموسم 2018–19 البلد قطر  المنظم الاتحاد القطري لكرة القدم  النسخة 46 عدد الفرق 14 الفترة 4 أغسطس 201813 أبريل 2019[1] الفائز السد الوصيف السد القطري  الفرق الهابطة قطرالخريطيات دوري أبطال آسيا 2020 السدالدحيلالسيلية عدد المباريات 132 عدد الأهداف 429 (3.25 هدف ف�...

 

Election 1870 South Carolina gubernatorial election ← 1868 October 19, 1870 1872 →   Nominee Robert Kingston Scott Richard B. Carpenter Party Republican Union Reform Alliance - Democratic Popular vote 85,071 51,537 Percentage 62.27% 37.72% County results Scott:      50%-54%      55%-59%      60%-64%      >65% Carpenter:      50%-54% &#...

American alternative rock band GrouploveGrouplove, performing at the Vera Project in Seattle on September 30, 2011Background informationOriginLos Angeles, CaliforniaGenresAlternative rock, indie pop, electropop, alternative danceYears active2009–presentLabels Glassnote Records Canvasback/Atlantic Members Hannah Hooper Chris Zucconi Andrew Wessen Daniel Gleason Benjamin Homola Past members Sean Gadd Ryan Rabin Websitegrouplovemusic.com Grouplove (often typeset as GROUPLOVE) is an American al...

 

В России присутствуют оба основных типа креационизма, «церковный креационизм» и «научный креационизм» (в широком смысле)[1]. Дискуссии на тему эволюции в российской православной среде велись ещё до 1917 года и возобновились в постсоветский период[2]. «Научный креац...

 

Theme park at Disneyland Paris Walt Disney Studios ParkDisney Studio 1 and the Earffel Tower at the entrance to the park.LocationDisneyland Paris, Marne-la-Vallée, FranceCoordinates48°52′2″N 2°46′45″E / 48.86722°N 2.77917°E / 48.86722; 2.77917StatusOperatingOpened16 March 2002; 22 years ago (2002-03-16)OwnerDisney Experiences(The Walt Disney Company)Operated byEuro Disneyland Participations S.A.S.ThemeShow business and Disney entertainmen...

Перуанский анчоус Научная классификация Домен:ЭукариотыЦарство:ЖивотныеПодцарство:ЭуметазоиБез ранга:Двусторонне-симметричныеБез ранга:ВторичноротыеТип:ХордовыеПодтип:ПозвоночныеИнфратип:ЧелюстноротыеГруппа:Костные рыбыКласс:Лучепёрые рыбыПодкласс:Новопёрые �...

 

Son of Japheth and father of the Greeks according to the Bible For other uses, see Javan (disambiguation). Yavan redirects here. For the village in Iran, see Yuvan, Iran. This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Javan – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (July 2022) (Learn how and when to rem...

 

Bagian dari seriIlmu Pengetahuan Formal Logika Matematika Logika matematika Statistika matematika Ilmu komputer teoretis Teori permainan Teori keputusan Ilmu aktuaria Teori informasi Teori sistem FisikalFisika Fisika klasik Fisika modern Fisika terapan Fisika komputasi Fisika atom Fisika nuklir Fisika partikel Fisika eksperimental Fisika teori Fisika benda terkondensasi Mekanika Mekanika klasik Mekanika kuantum Mekanika kontinuum Rheologi Mekanika benda padat Mekanika fluida Fisika plasma Ter...

1973 Polish filmThe Hourglass SanatoriumTheatrical release posterDirected byWojciech Jerzy HasScreenplay byWojciech Jerzy HasBased onSanatorium Under the Sign of the Hourglassby Bruno SchulzStarringJan NowickiTadeusz KondratMieczysław VoitHalina KowalskaGustaw HoloubekCinematographyWitold SobocińskiEdited byJanina NiedźwieckaMusic byJerzy MaksymiukProductioncompanyZespół Filmowy SilesiaDistributed byFilm PolskiRelease dates May 1973 (1973-05) (Cannes Film Festival) 11 ...

 

Artikel ini sebatang kara, artinya tidak ada artikel lain yang memiliki pranala balik ke halaman ini.Bantulah menambah pranala ke artikel ini dari artikel yang berhubungan atau coba peralatan pencari pranala.Tag ini diberikan pada Desember 2022. Marc RechaLahir18 Oktober 1970 (umur 53)L'Hospitalet de Llobregat, Catalonia, SpanyolPekerjaanSutradaraPenulis naskahTahun aktif1988-kini Marc Recha (lahir 18 Oktober 1970) adalah seorang sutradara dan penulis naskah Spanyol. Ia menyutradara...

 

Room used to connect other rooms For other uses, see Hallway (disambiguation). Hallway in Luhrs Tower, 1929 office building in Phoenix, Arizona Corridor inside a Government Medical College in Kollam, India A hallway (also passage, passageway, corridor or hall) is an interior space in a building that is used to connect other rooms. Hallways are generally long and narrow.[1] Hallways must be sufficiently wide to ensure buildings can be evacuated during a fire, and to allow people in whe...

Державний комітет телебачення і радіомовлення України (Держкомтелерадіо) Приміщення комітетуЗагальна інформаціяКраїна  УкраїнаДата створення 2003Керівне відомство Кабінет Міністрів УкраїниРічний бюджет 1 964 898 500 ₴[1]Голова Олег НаливайкоПідвідомчі ор...

 

Grand Prix Inggris 2015 Lomba ke-9 dari 19 dalam Formula Satu musim 2015← Lomba sebelumnyaLomba berikutnya → Tata Letak Sirkuit Silverstone.Detail perlombaanTanggal 5 Juli 2015Nama resmi 2015 Formula 1 British Grand Prix[1]Lokasi Sirkuit SilverstoneSilverstone, Britania RayaSirkuit Fasilitas balapan permanenPanjang sirkuit 5.891 km (3.661 mi)Jarak tempuh 52 putaran, 306.198 km (190.263 mi)Cuaca Berawan, kadang hujan17–20 °C (63–68 °F) temperatur...

 

Tornadoes of 2013Map of 2013 United States tornado pathsInteractive mapGraph of the 2013 United States tornado countTimespanJanuary 6 – December 21, 2013Maximum rated tornadoEF5 tornadoMoore, Oklahomaon May 20Tornadoes in U.S.916Damage (U.S.)$3.6 billion[1][2][3]Fatalities (U.S.)55[4]Fatalities (worldwide)120 2011 2012 2013 2014 2015 This page documents the tornadoes and tornado outbreaks of 2013. Strong and destructive tornadoes form mos...

GlutaredoxinIdentifiersSymbolGlutaredoxinPfamPF00462Pfam clanCL0172InterProIPR002109PROSITEPDOC00173SCOP21kte / SCOPe / SUPFAMOPM superfamily131OPM protein1z9hCDDcd02066Available protein structures:Pfam  structures / ECOD  PDBRCSB PDB; PDBe; PDBjPDBsumstructure summary Glutaredoxins[1][2][3] (also known as Thioltransferase) are small redox enzymes of approximately one hundred amino-acid residues that use glutathione as a cofactor. In humans this oxidation rep...

 

Lokasi Distrik Monbetsu di Subprefektur Okhotsk Monbetsu (紋別郡code: ja is deprecated , Monbetsu-gun) adalah sebuah distrik yang berada di wilayah Subprefektur Okhotsk, Hokkaido, Jepang. Pada tahun 1869, Hokkaido dibagi kedalam 11 provinsi dan 86 distrik. Monbetsu pada awalnya ditempatkan dibawah jurisdiksi Provinsi Kitami. Per 31 Januari 2024, distrik ini memiliki estimasi jumlah penduduk sebesar 36.922 jiwa dan kepadatan penduduk sebesar 9,44 orang per km2. Distrik ini memiliki luas wil...

 

Alamogordo redirects here. For other places with this name, see Alamogordo (disambiguation). For the larger Alamogordo Micropolitan Area, see Otero County, New Mexico. City in New Mexico, United StatesAlamogordo, New MexicoCityDowntown Alamogordo, looking west on 10th Street; Jim Griggs Sports Complex; Shops on New York Avenue; Water Tower looking east on Tenth Street; Kids' Kingdom Park; View of Alamogordo from Thunder RoadLocation in New MexicoAlamogordo, New MexicoLocation in New MexicoSho...

Questa voce o sezione sull'argomento designer non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee guida sull'uso delle fonti. Segui i suggerimenti del progetto di riferimento. William L. Mitchell (Cleveland, 2 luglio 1912 – Royal Oak, 12 settembre 1988) è stato un designer statunitense, uno dei più noti designer automobilistici statunitensi del Novecento. Biografia Una Cadillac Ser...

 

  لمعانٍ أخرى، طالع جون روبرتس (توضيح). جون روبرتس (بالإنجليزية: John Glover Roberts)‏    مناصب رئيس قضاة الولايات المتحدة (17 )   تولى المنصب29 سبتمبر 2005  ويليام رينكويست    معلومات شخصية اسم الولادة (بالإنجليزية: John Glover Roberts)‏  الميلاد 27 يناير 1955 (69 سنة)  بوفال�...