«Liza Jane» var den første innspelinga som vart gjeven ut som singel av David Bowie, men då under namnet Davie Jones with the King Bees. Dette skjedde i 1964 då Bowie berre var 17 år gammal. B-sida til singelen var Paul Revere and the Raiders-songen «Louie, Louie Go Home». Begge songane på singelen vart spelte inn i løpet av sju timar i Decca Studios i Broadhurst Gardens i West Hampstead.[1]
Bowie kom i kontakt med Leslie Conn, som dreiv musikkdistribusjonsselskapet til Doris Day og som var talentspeidar for Dick James Organisation.[2] Conn hyrte inn The King Bees for å spele på ein bryllaupsfest, men med høglydt RnB på setlista, stoppa Conn konserten etter berre 10 minuttar. Conn vart likevel manager for The King Bees nokre månader i 1964, og dei spelte inn og gav ut «Liza Jane» som singel for Decca Records-etiketten Vokalion Pop.[2] Trass i at singelen vart spelt på fjernsynsshowa Juke Box Jury, Ready Steady Go! og The Beat Room,[3][4] og vart ein god del spelt på radio,[2] selde singelen dårleg og bandet vart etter kvart droppa frå etiketten.[1][4]
Songen var eit arrangement av den gamle standardlåten «Li'l Liza Jane», men Conn vart tilskriven som låtskrivar, som var vanleg på denne tida for å få høgare honorar for singelen. Conn fortalte i 1997 om korleis the King Bees hadde kome opp med ein 6-taktsblues, som alle nytta på denne tida. Conn nytta eit par av sine eigne idear på songen, dei improviserte og songen kom saman som han vart.[1]
Etter at Conn og Bowie gjekk kvar sin veg i 1964 reiste Conn til Mallorca nokre år, og ein dag fekk han ein telefon frå mora som ønskte å kvitte seg med nokre hundre eksemplar av «Liza Jane» som låg i garasjen hennar. Dei vart samde om å kaste dei.[1]
Ein dag etter 40-årsjubileet for utgjevinga, spelte Bowie første verset og refrenget av «Liza Jane» på PNC Bank Arts Center i New Jersey i USA, 6. juni 2004.[5] Bowie omtalte då songen som «heilt forferdeleg» og «uuthaldeleg».
Andre utgjevingar
Singelen vart gjeven ut att på ny av Decca i Storbritannia i november 1978.[1]
Ein acetat-versjon med ein noko lengre uttoning finst òg.[1]