Young Americans

Young Americans
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 7. mars 1975
Innspelt August 1974 til januar 1975
Studio
Sjanger
Lengd 40:13
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi 
David Live
(1974)
Young Americans Station to Station
(1976)


Singlar frå Young Americans
  1. «Young Americans»
    Utgjeve: 21. februar 1975
  2. «Fame»
    Utgjeve: 25. juli 1975

Young Americans er det niande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 7. mars 1975 på RCA Records. Albumet var ei endring frå glamrock-stilen frå dei førre albuma til Bowie til soul og R&B. Kommentatorar har skildra plata som blue-eyed soul, medan Bowie sjølv kalla stilen på albumet «plastikk-soul». dei første innspelingane fann stad under den første delen av Diamond Dogs-turneen hans i august 1974 i Sigma Sound Studios i Philadelphia med produsenten Tony Visconti og ei rekkje musikarar, som gitaristen Carlos Alomar, som vart ein av dei faste samarbeidspartnarane til Bowie, og den då ukjende songaren Luther Vandross. Etter dei første innspelingane held turneen fram, men setlista og designet på scenen endra seg i takt med dei nyinnspelinge songane. Denne delen av turneen er blitt kalla «Soul-turneen».

Mot slutten av turneen fortsette innspelingane i Record Plant i New York City. Etter at han vart ven med John Lennon, samarbeidde dei to på ei innspeling i januar 1975 i Electric Lady Studios, med Harry Maslin som produsent. I lag med Alomar spelte dei inn ein versjon av Lennon sin Beatles-song «Across the Universe» og «Fame». Innspelinga var første gongen trommeslagaren Dennis Davis spelte på ei Bowie-plate. Gjennom innspelingane vart det spelt inn mange opptak og plata gjekk gjennom mange arbeidstitlar. Plateomslaget syner eit bilete av Bowie teken av Eric Stephen Jacobs.

Då albumet kom ut var det særs populært i USA og nådde topp 10 på Billboard 200, medan singelen «Fame» gjekk til topps på singellista, som var første gongen for Bowie. Albumet fekk derimot blanda kritikk hos kritikarane, noko det har halde fram med i tida etter. Bowie sjølv hadde blanda kjensler for albumet gjennom livet. Likevel reknar Bowie-biografane albumet som eit av dei mest innverknadstunge albuma hans, hovudsakleg fordi han var blant dei første kvite musikarane som spelte hovudsakleg svarte musikkstilar. Albumet har kome ut på ny mange gonger, og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).

Bakgrunn

Eg tenkte eg kunne lage eit hitalbum for å sementere meg sjølv i Statane, så då gjorde eg det.[1]

– David Bowie i eit intervju med Melody Maker, 1976

Det åttande studioalbumet til David Bowie, Diamond Dogs (1974), var det siste albumet hans innan glamrocksjangeren.[1] David Buckley skreiv: «I eit grep som kom til å definere karrieren hans, hoppa Bowie av glamrockskipet akkurat i tide, før det dreiv inn i ein blank parodi av seg sjølv».[2] Trass i at det hovudsakleg er glamrock, inneheld albumet to songar, «Rock 'n' Roll with Me» og «1984», med element av funk og soul, noko Bowie omfamna for fullt på Young Americans.[3][4][5] Diamond Dogs var òg ein milepåle i karrieren til Bowie fordi han byrja å samarbeide med Tony Visconti att, som laga strykearrangement og hjelpte til å mikse albumet i sitt eige studio i London. Visconti kom til å vere medprodusent på mange av innspelingane til Bowie resten av tiåret.[6]

I april 1974 møtte Bowie New York-funkgitaristen Carlos Alomar, som vart guide for Bowie inn i svart amerikansk musikk og for dei neste 14 åra fungerte han som bandleiar for Bowie.[1][7] Før dei møttest var Alomar studiomusikar i Apollo Theater og spelte med artistar som James Brown, Chuck Berry og Wilson Pickett. I følgje Buckley var erstattaren til Alomar Nile Rodgers, den framtidige grunnleggjaren av bandet Chic og seinare samarbeid med Bowie på Let's Dance i 1983.[8] Biografen Nicholas Pegg skreiv at ti år tidlegare var ei av favorittplatene til Bowie Brown sitt Live at the Apollo (1963), så å møte ein musikar som spelte på Apollo var ein draum som vart verkeleg for Bowie.[1] Sjølv om Alomar ikkje hadde høyrt om Bowie då dei møttest, fann dei raskt tonen og skipa eit arbeidsforhold som varte nesten 15 år.[9]

Mot slutten av den første delen av Diamond Dogs-turneen i juli 1974, spelte Bowie fleire konsertar i Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania, der han spelte inn konsertalbumet David Live.[10] På denne tida vitja han Sigma Sound Studios i Philadelphia for å arbeide på innspelingar for den amerikanske musikaren Ava Cherry, som han visstnok hadde eit forhold til på den tida.[11][12] Sigma var eigd av låtskrivaren/produsent-duoen Kenneth Gamble og Leon Huff, som hadde skipa Philadelphia International Records i lag, der mange kjende, afroamerikanske musikarar held til.[1] Då den første delen av turneen var over, reiste Bowie attende til New York City for å mikse David Live, der han bad om ei liste svarte album som han kunne høyre på for å førebu seg før han drog attende til Sigma Sound.[13]

Innspeling

For å akkompagnerte seg ønskte Bowie å hyre MFSB (eit forkorting for «Mother Father Sister Brother»[14]), ei rytmegruppe på over 30 studiomusikarar som heldt til i Sigma Sound.[15] Med unntak av perkusjonisten Larry Washington, var alle medlemmane opptekne, så Bowie resite til New York City att for å finne andre musikarar. Han beheldt pianisten Mike Garson, saksofonisten David Sanborn og perkusjonisten Pablo Rosario frå Diamond Dogs-turneen, medan gitaristen Earl Slick vart erstatta av Alomar.[16] Alomar føreslo at Bowie skulle hente inn den tidlegare trommeslagaren til Sly and the Family Stone, Andy Newmark og bassisten Willie Weeks frå The Isley Brothers for å erstatte høvesvis Tony Newman og Herbie Flowers. Då Bowie fortalte Visconti i London at han hadde fått tak i Weeks, reiste Visconti til New York med ein gong og forklarte: «Eg er bassist sjølv, og Weeks var idolet mitt».[16] Kona til Alomar, Robin Clark, og den då ukjende Luther Vandross song korvokal på innspelingane.[16]

[Bowie] song det meste på direkten, og sjølv om alle songane var ferdigskrivne, vart dei kraftig omarrangerte etter kvart som tida gjekk. Ingenting var organisert, og det vart ein enorm jam-sesjon.[16]

– Tony Visconti om innspelinga

Demoinnspelingane byrja i Sigma Sound den 8. august 1974, og offisielt fortsette innspelinga 11. august då Visconti kom. Innspelinga gjekk raskt framover og det tok berre to veker å fullføre. Dei vart tidleg samde om å spele så mykje av albumet som mogeleg live, der heile bandet spelte i lag samstundes, inkludert vokalen til Bowie. I følgje Visconti er albumet «kring 85 % 'live' David Bowie».[16] På denne tida forverra kokainmisbruket til Bowie seg raskt, og han kunne halde seg vaken dag og natt medan bandet sov. I følgje Pegg fortalte ein anonym musikar at Bowie «venta i fleire timar på kokain frå New York, og han nekta å spele før det kom.» Kokainbruken hans påverka røysta hans og skapte det Bowie sjølv kalla «ei verkeleg hes røyst», som hindra han i å syngje dei høgaste tonane. Likevel meinte Bowie at albumet inneheld dei høgaste tonane han nokon gong song på ei plate.[16]

Innspelingane på Sigma Sound var særs produktive og gav mange unytta songar, som «After Today», «Who Can I Be Now?», «It's Gonna Be Me», ei nyinnspeling av «John, I'm Only Dancing» (kalla «John, I'm Only Dancing (Again)»), «Lazer», «Shilling the Rubes», ei skrinlagd innspeling av «It's Hard to Be a Saint in the City» og «Too Fat Polka».[16] Då Bowie kom attende til Philadelphia under den andre halvdelen av Diamond Dogs-turneen i november 1974, brukte han og Visconti høvet til å spele inn ekstra lydspor og byrje miksinga. Innspelinga tiltrekte seg merksemda til lokale fans, som byrja å vente utafor studioet i løpet av innspelingsperioden. Bowie hadde jamleg kontakt med desse tilhengjarane, som han kom til å kalle «Sigma Kids». Den siste innspelingsdagen vart Sigma Kids inviterte inn i studio for å lytte til uferdige versjonar av dei nye songane.[17] Albumert vart spelt inn under ulike arbeidstitlar, som Dancin', Somebody Up There Likes Me, One Damned Song (eit sitat frå tittelsporet), The Gouster, Shilling the Rubes og Fascination. Ein tidleg acetat av The Gouster laga av Visconti synte «John, I'm Only Dancing (Again)», «Who Can I Be Now?» og «It's Gonna Be Me» som ein del av albumet.[18]

Etter den andre delen av Diamond Dogs-turneen var over i desember (då kalla Soul-turneen), drog Bowie, Visconti og Alomar til Record Plant i New York City for å spele inn to nye songar, «Fascination» og «Win». På dette stadiet fortalte Bowie til Disc at tittelen kom til å bli Fascination (kalla opp etter den nye songen). «John, I'm Only Dancing (Again)» var framleis på albumet, men dei to nye songane erstatta «Who Can I Be Now?» og «Somebody Up There Likes Me».[18] Visconti, som meinte albumet var heilt ferdig, drog attende til London for å mikse det, medan Bowie vart verande att i New York og arbeidde på ein separat miks i lag med lydteknikaren Harry Maslin.[19][20] På denne tida var John Lennon i Record Plant der han spelte inn albumet sitt Rock 'n' Roll. Lennon, som var i sin kjende «Lost weekend»-periode, hadde tidlegare møtt Bowie i Los Angeles på ein fest hos Elizabeth Taylor i september 1974.[21] Dei to fann tonen og valde å spele inn i lag. I lag med Alomar drog dei to til Electric Lady Studios i New York i januar 1975 og spelte inn «Fame» og ein versjon av Lennon sin Beatles-song «Across the Universe».[18] Sidan Visconti var borte, vart innspelinga produsert av Maslin.[20] I tillegg til Alomar, inviterte Bowie med seg gitaristen Earl Slick og trommeslagaren Dennis Davis, som spelte på eit studioalbum av Bowie for første gongen,[22] i tillegg til bassisten Emir Ksasan frå Soul-turnebandet. Nykomarar var perkusjonisten Ralph MacDonald og korvokalistane Jean Fineberg og Jean Millington.[18]

Bowie kontakta Visconti om samarbeidet to veker etter at Visconti var ferdig å mikse albumet. I følgje Pegg, skal Bowie ha vore unnskyldande og spurt om to songar kunne erstattast av «Across the Universe» og «Fame». Songane som vart erstatta var «Who Can I Be Now?» og «It's Gonna Be Me». Visconti sa: «Det var vakre songar og eg vart kvalm då han valde å ikkje bruke dei. Eg trur det var det personlege innhaldet i songane som gjorde han motvillig til å gje dei ut, sjølv om det var så skjult at eg trur ikkje ein gong eg visste kva han snakka om i dei!»[23]

Musikk og tekst

Young Americans var ei ny musikalsk retning for Bowie.[24] Sjølv om songar på Diamond Dogs, som «Rock 'n' Roll with Me» og «1984»,[3][4] peika fram mot funk- og soul-retninga Bowie kom til å tak, skreiv Stephen Thomas ErlewineAllMusic at blue-eyed soul-stilen på albumet «kom som eit sjokk».[25] I tillegg til blue-eyed soul, eller blåaugd soul, har musikken på Young Americans blitt skildra som R&B[26] og Philadelphia soul.[27] Bowie sjølv kalla stilen på albumet «plastikk-soul», og skildra det som «dei knuste restane av etnisk musikk slik han overlever i ei tid med muzak-rock, skriven og sungen av ein kvit limey».[28] Ashley Naftule i Consequence of Sound skildra albumet som «eit blue-eyed soul-album som fungerer som Kirsten giftekniv mellom dei kunstnariske rocketendensane til Bowie og det varme alvoret i soul og R&B.»[29] Biografen Christopher Sandford skreiv at albumet er «ei plate med lystige og livlege, kolliderande idear».[24] Biografen Marc Spitz meinte at albumet ikkje synte «Bowie som gjer svart musikk», me heller «Bowie og svart musikk gjer kvarandre».[30]

Plateomslag

Bowie ønskte i utgangspunktet eit måla plateomslag laga av Norman Rockwell, men trekte attende tilbodet då Rockwell trengde minst eit halvt år på jobben. I følgje Pegg var ein annan avvist idé eit portrett av Bowie i ein «flygedrakt» og kvitt skjerf, ståade føre det amerikanske flagget med eit heva glas. Det endelege plateomslaget, eit bakgrunnsbelyst og lakksprøyta foto av Bowie, vart teken i Los Angeles den 30. august 1974 av fotografen Eric Stephen Jacobs.[31] Inspirasjonen til Bowie var visstnok eit eksemplar av magasinet After Dark med eit anna av fotografi av Jacobs av den dåverande koreografen til Bowie, Toni Basil.[32] Sjølve omslaget vart designa i New York hos RCA av Craig DeCamps.[33] Sandford kalla det eit av dei «klassiske» plateomslaga.[24]

Utgjeving og marknadsføring

Bowie på scenen under Soul-turneen i 1974.

Etter å ha spelt inn det meste av albumet i august 1974, var Bowie ivrig etter å spele songane live. Han la ut på den andre halvdelen av Diamond Dogs-turneen, og varte frå 2. september til 1. desember 1974. Denne delen av turneen fekk kallenamnet Soul-turneen. på grunn av dei nye songane. På grunn av dette vart konsertane i stor grad endra, og det var ikkje lenger innfølte scenebakgrunnar, dels fordi Bowie var lei av designet og ønske om å utforske den nye stilen han skapte. Songane frå den første delen av turneen vart droppa, medan somme nye, inkludert somme frå det nye albumet, vart lagt til.[34] På denne tida vart det filma ein dokumentar som syner Bowie på Diamond Dogs-turneen i Los Angeles, med ei blanding av scenar filma i limousinar, hotell og konsertklipp, det meste frå ein konsert i Universal Amphitheatre i Los Angeles den 2. september 1974.[35] Filmen var regissert av Alan Yentob og sendt på BBC1 i Storbritannia 26. januar 1975. Filmen heitte Cracked Actor og er hovudkjelda til filmklipp frå Diamond Dogs-turneen og syner den mentale tilstanden til Bowie i forfall i ein periode då han vart stadig meir avhengig av kokain.[35] Sjølv om Cracked Actor aldri er komen ut offisielt, kalla Pegg det «utan tvil den beste dokumentaren laga om David Bowie.» Etter å ha sett ei vising av filmen kontakta regissøren Nicolas Roeg kjapt Bowie for å diskutere ei rolle i The Man Who Fell to Earth.[35]

29. oktober 1974 var Bowie på The Dick Cavett Show og framførte «1984», «Young Americans» og ein versjon av «Footstompin'». Under intervjuet hans var han synleg dopa, og kunne så vidt snakke og snuste med nasa heile tida.[36] Tittelsporet vart seinare gjeven ut som den første singelen frå albumet av RCA Records den 21. februar 1975, med katalognummer 2523 og Ziggy Stardust-songen «Suffragette City» som B-side.[37][38] I USA kom songen ut nedredigert, med ei lengd på 3:11, der to vers og eit refreng var teken bort.[39] Songen nådde 18. plassen på UK Singles Chart, medan han nådde 28. plassen på Billboard Hot 100, den beste plasseringa hans i USA til då.[40][39]

Young Americans kom ut 7. mars 1975 på RCA.[31][38][41] Albumet nådde niandeplassen på den amerikanske Billboard 200 og låg inne på lista i 51 veker.[42] Albumet gjekk til andreplassen på UK Albums Chart, men i følgje Buckley var det totale salstalet lågare enn for Diamond Dogs.[43][40] Den andre singelen «Fame» kom ut 25. juli 1975 og albumsporet «Right» som B-side.[38] Sjølv om han berre nådde 17. plassen i Storbritannia, gjekk «Fame» heilt til topps i USA.[44] Suksessen kom overraskande på Bowie, som sa i 1990: «Sjølv om [Lennon] hadde medverka på songen og alt det, så hadde eg inga aning, det same med 'Let's Dance', at det vart ein kommersiell singel. Eg har ikkje peiling når det gjeld singlar. Eg veit ingenting om dei, eg forstår det ikkje, og 'Fame' var verkeleg langt til venstre for meg.»[44] Han var på ABC TV-programmet Soul Train tidleg i november 1975, der han mima til «Fame» og den nyaste singelen hans, «Golden Years».[45][46] Han song så «Fame» live på CBS-showet The Cher Show den 23. november.[47][46]

Mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[25]
Chicago Tribune3.5/4 stars[48]
Christgau's Record GuideB−[49]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[50]
Pitchfork8.7/10[27]
Q4/5 stars[51]
Rolling Stone4/5 stars[52]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[53]
Select5/5[54]
Uncut4/5 stars[55]

Young Americans fekk generelt god kritikk, særskild i Amerika.[31] Billboard skreiv at albumet «bør ikkje berre få fansen til å else bowie enno meir, men opne opp ein heilt ny allé av fans for han», og valde ut albumet «Top Album Picks» for veka 15. mars 1975.[56] I Record World vart det skildra som hans «mest overtydande album til no», medan Cashbox kalla artisten «den lysaste stjerna på pop-stjernehimmelen med den siste RCA-utgjevinga si».[31] I ei melding for The Village Voice, skildra Robert Christgau plata som «nesten fullstendig mislykka» og sa «sjølv om blandinga av rock og Philly soul er så tynn, er det interessant, det overveldar røysta til David, som er enno tynnare.» Han likte likevel at Bowie «tok sjansen på å mislukkast» etter Diamond Dogs og David Live, som Christgau syntes var skuffande.[57] Rolling Stone-skribenten Jon Landau likte tittelsporet og meinte at «resten av albumet fungerer best når Bowie kombinerer den nye interessa for soul med kunnskapen sin om engelsk pop, i staden for å gå heilt for det eine eller det andre.»[58] Phonograph Record-skribenten John Mendelsohn meinte at albumet generelt var svakt og meinte at melodiane «var så godt som ikkje-eksisterande», og kritiserte både tekstane og synginga til Bowie.[59] I NME skreiv Ian MacDonald at plata var meir som ei overgangsplate, skapt av ein forvirra sinnstilstand av å ikkje vite kvar karrieren skulle gå vidare. Likevel likte han albumet trass i feila.[60]

Seinare har Young Americans halde fram å få blanda kritikk av kritikarar og fansen.[61] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic meinte albumet var påverka av mangelen på sterke songar. Sjølv om han likte tittelsporet og «Fame», konkluderte han: «Young Americans er meir fornøyeleg som eit stilmessig eventyr enn eit solid album.»[25] Douglas Wolk i Pitchfork rekna det som «eit overgangsalbum» og sa: «Det har ikkje det sprø teatralske omfanget til Diamond Dogs eller den formelle dristigheita på Station to Station. Stundom verkar det som ein artist som prøver særs hardt å demonstrere kor uføreseieleg han er.» Likevel likte Wolk at «sjølv om det alt hadde vore eit par disco-hittar på poplista, var det ingen andre etablerte rockemusikarar som hadde prøvd seg på noko liknande.»[27] Jeff Giles i Ultimate Classic Rock gav albumet positiv kritikk og sa «det er framleis eit godt likt lyspunkt i ein diskografi med mange slike».[62]

Ettemæle

Buckley reknar Young Americans som ei av dei mest innverknadstunge albuma til Bowie. Han skreiv at det førte fans frå både glamrock og soul saman i starten av discotida.[40] Pegg skreiv at «Ved å hoppe på Stax/George McCrae-toget» med dette albumet «hadde Bowie teke det første viktigaste steget inn svart soul av ein populær kvit artist,» og bana veg for andre artistar som prøvde seg på liknande stilar.[61] Sandford la til at sjølv om mange britiske rockeartistar hadde prøvd og mislykkast å eksperimentere med svarte musikkstilar, var Bowie den første som klarte det med suksess.[63] I Storbritannia var artistar som følgde i fotspora Bowie Elton John (med singelen «Philadelphia Freedom»), Roxy Music (med singelen «Love Is the Drug») og Rod Stewart (med albumet Atlantic Crossing).[61] Pegg skreiv at Bowie sin streiftog inn i soul og funk kom til å påverke band i dei neste åra, som Talking Heads, Spandau Ballet, Japan og ABC.[61]

Young Americans var òg det første Bowie-albumet på tre år som ikkje inneheldt Ziggy Stardust, men Bowie sjølv.[30] Utan Ziggy framstod Bowie som meir moden, som Sandford meiner var biletten hans inn i den amerikanske marknaden.[24] Albumet vende Bowie frå «ein mildt sagt usmakeleg kultartist til ein prateshowvennleg showbiz-personlegdom» i USA.[61] Biografen Paul Trynka skreiv at sjølv om albumet som heilskap er inkonsistent, gjenoppretta det likevel momentumet Bowie fekk etter David Live, og «dei impresjonistiske arbeidsmetodane» nytta i innspelinga kom til å «underbyggje karrieren til Bowie resten av tiåret».[64]

Bowie sjølv har uttrykt blanda tankar om Young Americans. Seint i 1975 skildra han det som «den mest falske R&B eg nokon gong har høyrt. Om eg hadde fått tak i den plata då eg voks opp, hadde eg knekt ho over kneet mitt.»[65] Seinare snakka han framleis negativt om plata og skildra det som «ein fase» i eit intervju i 1976 med Melody Maker.[66] Bowie snudde seinare i 1990-åra, då han snakka til magasinet Q i 1990: «Eg burde ikkje ha vore så hard mot meg sjølv, for når eg ser attende på det no, så var det ganske bra kvit, blåaugd soul.»[61]

I 2013 rangerte NME albumet på 175. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[67] Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[68]

Innhald

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Young Americans» 5:11
2.«Win» 4:44
3.«Fascination»Bowie, Luther Vandross5:45
4.«Right» 4:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Somebody Up There Likes Me» 6:36
2.«Across the Universe»John Lennon, Paul McCartney4:29
3.«Can You Hear Me?» 5:03
4.«Fame»Bowie, Carlos Alomar, Lennon4:16
Total lengd:40:13
Bonusspor på 1991-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Who Can I Be Now?» (ikkje tidlegare utgjeven)4:36
10.«It's Gonna Be Me» (ikkje tidlegare utgjeven)6:27
11.«John, I'm Only Dancing (Again)» (singel A-side)6:57
Total lengd:58:06

Nyutgjevingar

Albumet kom først ut på CD på RCA i 1984, og så på Rykodisc/EMI i 1991 med tre bonusspor.[69] Ei utgåve frå 1999 av EMI bestod av ein 24-bits digitalt ommastra lyd, men ingen bonusspor.[70] Utgåva frå 2007, kalla «Special Edition», kom med ein DVD med ein 5.1 kringlydmiks av albumet og videoklipp frå TV-showet til Dick Cavett.[1] I 2016 vart albumet ommastra for plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976). Denne samlinga inneheld òg eit tidlegare uferdig utgåve av albumet kalla The Gouster.[71] Denne kom ut på CD, vinyl og digitalt format som ein del av denne samlinga og separat.[72]

Utgåvene frå 1991 og 2007 kom med bonusspora «Who Can I Be Now?», «John, I'm Only Dancing (Again)» og «It's Gonna Be Me»;[1] sistnemnde vart gjeven ut som ein alterantiv versjon med strykarar på 2007-utgåva.

1991-utgåva erstatta dei originale versjonane av «Win», «Fascination» og «Right» med alternative miksar, men seinare nyutgjeinvar har nytta dei originale miksane. Eit anna unytta spor, «After Today», kom ut i plateboksen Sound + Vision, og det same gjorde den alternative miksen av «Fascination».

Medverkande

Henta frå omslaget til Young Americans.[73]

Andre medverkande

  • Larry Washington – conga
  • Ava Cherry – korvokal
  • Robin Clark – korvokal
  • Luther Vandross – korvokal, vokalarrangement
  • Pablo Rosario – perkusjon («Across the Universe» og «Fame»)
  • John Lennon – vokal, gitar, korvokal («Across the Universe» og «Fame»)
  • Emir Ksasan – bassgitar («Across the Universe» og «Fame»)
  • Dennis Davis – trommer («Across the Universe» og «Fame»)
  • Ralph MacDonald – perkusjon («Across the Universe» og «Fame»)
  • Jean Fineberg – korvokal («Across the Universe» og «Fame»)
  • Jean Millington – korvokal («Across the Universe» og «Fame»)

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Vekeslister i 1975
Liste (1975) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[74] 9
Kanadiske album (RPM)[75] 17
Den franske albumlista (SNEP)[76] 12
Den japanske albumlista (Oricon)[77] 82
Newzealandske album (RIANZ)[78] 3
Norske album (VG-lista)[79] 13
Svenske album (Sverigetopplistan)[80] 5
UK Albums (OCC)[43] 2
US Billboard 200[42] 9
2016 vekeslister
Liste (2016) Plassering
Italienske album (FIMI)[81] 92
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[82] 92

Årslister

1975 årsliste
Liste (1975) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[74] 44
US Billboard 200[83] 20

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[84] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[85] Gull 100 000^
USA (RIAA)[86] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Songar

Young Americans

For meir om dette emnet, sjå Songen Young Americans.

Tittelsporet på albumet vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og var det første resultatet etter at Bowie vart fiksert på soul.

Win

«Win» er ein soulballade som skildrar besetting, makt, svik og kontroll i ein abstrakt disseksjon av eit forhold.[87]

Songen har ein intrikat produksjon med mange motiv spelt på saksofon, strykarar og gitar. «Win» markerte eit steg bort frå dei lause, jam-baserte innspelingane i Sigma Sound til ein kaldare, meir utførleg stil. Songen vart spelt inn tidleg til midten av desember 1974 og indikerte ein slutt på det amerikanske soulprosjektet til Bowie. I 1993 sa Bowie: «Saker som 'Win' - akkordstrukturen er mykje meir europeisk enn amerikansk.». Versa på «Win» er hovudsakleg bygd kring sekst-akkordar - G6, F6 og A6.[87]

Vokalen til Bowie er meir beherska og mindre soul-aktig enn på tidlegare Young Americans-spor. Der ein song som «Fascination» hadde mange korte, rytmiske fraseringar, har «Win» lange, bølgjande vokalmelodiar i verset og Bowie heldt seg stort sett til det låge registeret sitt.[87]

Songen vart første gongen framført 1. desember 1974 i The Omni i Atlanta, på det som var den siste konserten på Soul-turneen hans. Det er dermed den einaste gongen songen er blitt framført på scenen av Bowie.[87]

Fascination

For meir om dette emnet, sjå Fascination av David Bowie.

«Fascination» er ein funky song opphavleg skriven av Luther Vandross som «Funky Music (Is a Part of Me)» med ny tekst av Bowie.

For meir om dette emnet, sjå Right av David Bowie.

«Right» er ein funky song med kompleks korsong.

Somebody Up There Likes Me

«Somebody Up There Likes Me» tok utgangspunkt i ein tidlegare song av Bowie kalla «I Am Divine», som var ein av songane han skreiv for Astronettes. «I Am Divine» handlar om ein sjølvsikker kar som forfører ei jente med å fortelje om kor flott han sjølv er. Perspektivet i «Somebody Up There» er tredjeperson og omhandlar om ein slags politisk Messias. Songen verkar å vere Bowie som tar biletet av ein framtidig supermann (eit tema som gjekk att på Diamond Dogs) og reinkarnerte det som ein mediaperson, ein «TV-personlegdom», ein kjekk politikar som kyssar babyar og kvinner og som eksisterer berre som eit image, men som fangar hjarta til millionar. Herskaren lover mykje og det kulminerer i tittellinja, «nokon der oppe likar meg».

Bowie har arrangert songen på ein måte der han fleire gonger held attende. Stemma hans kan høyrast mot slutten av ein åtte taktar lang intro, men i staden for at første verset startar, held saksofonen fram å spele. Bowie syng berre den fulle tittelen på songen to gonger i løpet av dei seks minutta songen varerer, medan korsongarane ofte byrjar linja, men avsluttar ho aldri.

Songen vart spelt inn i Philadelphia kring 11-18. august 1974, og var B-sida til singelen «Young Americans». Han vart framført på konsert for første gongen tidleg i oktober 1974, og var ein del av setlista til Bowie i kring ein månad.

Across the Universe

For meir om dette emnet, sjå Across the Universe#David Bowie-versjonen.

Ein Beatles-song skriven av John Lennon. Bowie spelte inn denne i New York City i lag med John Lennon på rytmegitar. Songen vert ofte rekna som eit lågpunkt på albumet og ein av dei svakare songane til Bowie på heile 1970-talet.

Can You Hear Me?

For meir om dette emnet, sjå Can You Hear Me? av David Bowie.

«Can You Hear Me?» er ein soulballade som Bowie kalla ein «sann kjærleikssong».

Fame

For meir om dette emnet, sjå Fame av David Bowie.

«Fame» var den andre singelen frå albumet og den første Bowie-songen som gjekk til topps på den amerikanske singellista.

Andre songar frå kring 1974-1975

Knock on Wood

For meir om dette emnet, sjå Knock on Wood.

Då Bowie kom med Diamond Dogs-turneen sin til Philadelphia i midten av juli 1974 hadde han med seg «Knock on Wood» på setlista. Songen er ein lystig soulsong og vart framført etter den mørke og tunge «Sweet Thing», ofte etterfølgd av rockesongen «Watch That Man». Songen var skriven av Eddie Floyd og Steve Cropper.

Versjonen til Bowie, slik han er spelt inn for David Live, er forankra av den nye gitaristen hans, Earl Slick, som erstatta blåsarane i originalsongen, i lag med rytmeseksjonen som bestod av Herbie Flowers på bass og Tony Newman på trommer. Songen vart spelt inn 8. til 12. juli 1974 i The Tower Theatre i Philadelphia. I tillegg til utgjevinga på David Live vart songen gjeven ut på singel i september 1974.

Here Today, Gone Tomorrow

«Here Today, Gone Tomorrow» var ein Southern soul-song av Ohio Brothers frå 1968 som Bowie spelte under Diamond Dogs-turneen sin. Songen kom opphavleg ikkje med på konsertalbumet David Live i 1974 og kom først ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva frå 1991. Då David Live kom ut i 2005 var songen plassert på riktig stad i spelelista. Songen vart berre spelt på konsertane 8. til 12. juli 1974 i The Tower Theatre i Philadelphia. Utgåva til Bowie følgjer originalen ganske tett, men spelar han noko kjappare.

Shilling the Rubes

«Shilling the Rubes» var lenge rekna som ein tapt Bowie-song og berre ein arbeidstittel på Young Americans. I 2009 dukka eit lydband frå Bowie si innspeling i Sigma opp på ei gatemesse i Philadelphia og vart sidan seld på eBay for 15 000 amerikanske dollar.[88]

Lydbandet inneheld ein uferdig miks frå ei tidleg innspeling den 13. august, med ein tidleg versjon av «Young Americans», ei omskriving av ein Astronettes-song kalla «I Am a Laser», ein tidleg versjon av «After Today» og «Shilling the Rubes».[88]

Berrekring eitt minutt av kvart spor vart sirkulert, visstnok som ein samplar for mogelege kjøparar på eBay. Så alt som finst på Internet av songen er ein åtte taktar intro der Mike Garson speler piano mot trommene til Andy Newmark, og første verset med ein tekst som vitjar på ny kjærleik-som-prostitusjonstemaet frå «Sweet Thing». Seinare dukka eit lengre klipp opp, som òg inkludert refrenget.[88]

After Today

«After Today» kom til i Sigma Sound i Philadelphia, der mange av songane kom til ved at bandet jamma i lag. Songen vart prøvd ut både som ein langsam, stemningsfull ballade, og som eit livleg, kjappare stykke, og ein versjon av sistnemnde vart gjeven ut i plateboksen Sound + Vision i 1989, men aldri som bonusspor på dei seinare Young Americans-utgåvene Songen er trudd å ha blitt spelt inn kring 13-18. august 1974, men den kjappare versjonen kan ha blitt spelt inn seinare. Eit av dei tidlegare opptaka var med på «Shilling the Rubes»-lydbandet.[89]

It's Gonna Be Me

«It’s Gonna Be Me» er ein av songane spelt inn for Young Americans, men som ikkje kom med på albumet til slutt. Songen er i liknande stil som «Can You Hear Me». Begge er sungen av ein eigensindig mann som angrar på handlingane sine, lurer på om han har forlate dei verkelege sakene bak seg og sakte sirklar inn i mani, med refrenget som ein tryggleik, eller kanskje berre gjev eit uttrykk for vrangførestellingane sine.[90]

Bowie studerte soul-songar før han gjekk i studio og «It's Gonna Be Me» er sagt å minne om ein typisk Al Green-song. Bowie syng versa stort sett aleine, og korsongarane kjem først inn på refrenget. Luther Vandross laga vokalarrangementet til songen.[90]

Songen var opphavleg meint å vere eit sentralt spor på Young Americans og Tony Visconti skreiv eit typisk undervurdert, overdådig strykearrangement då han kom attende til London seint i 1974. Songen vart fjerna for å gje plass til samarbeida hans med John Lennon.[90]

Songen vart spelt inn 11-18. august 1974 og framført på somme av konsertane seint på Soul-turneen. Studioopptaket vart først gjeve ut som bonusspor på Young Americans i 1991.

Who Can I Be Now

«Who Can I Be Now?» var ein annan song spelt inn for Young Americans, men fjerna for å gje plass til songane han spelte inn med John Lennon.

Songen vart spelt inn 11.-18. august 1974 og kom først ut som bonusspor på Young Americans i 1991. I motsetnad til «It's Gonna Be Me» har songen ein ganske beherska tone og er stramt konstruert med ein trygg, vidtrekkande vokal av Bowie, og eit refreng med ein enkel vokalmelodi.[91]

John, I'm Only Dancing (Again)

For meir om dette emnet, sjå John, I'm Only Dancing.

«John, I’m Only Dancing» hadde vore ein singel for Bowie i 1972 i Storbritannia, men var ikkje gjeven ut i USA, så Bowie såg på songen som ein potensiell gjennombrotssingel der i ein nyinnspelt singel. Bowie vurderte songen som potensielt den første singelen frå albumet, og hadde på eit tidspunkt tittelen «Dancin‘». Bowie spelte den nye versjonen av songen på konertane sine i september-oktober 1974. Då Bowie sidan skreiv «Fame» vart denne songen noko overflødig og han vart etter kvart teken av Young Americans og lagt på hylla.[92] I 1979, då disco var på sitt mest populære, gav Bowie ut «John (Again)» på singel og han gjekk inn på singellista på ny.

Nyinnspelinga hadde heilt nye vers, medan det originale refrenget var att. Songen vart spelt inn som ein disco-song 11.-18. august og 20.-24. november 1974. Forutan singelutgjevinga i 1979 vart songen gjeven ut på ChangesTwoBowie og som bonusspor på seinare utgåver av Young Americans.

It’s Hard To Be a Saint In the City

«It’s Hard to Be a Saint In the City» er ein song av Bruce Springsteen frå debutalbumet hans, som Bowie spelte inn i Sigma Sound, truleg rundt november 1974. 25. november vitja Springsteen studioet medan Bowie arbeidde på songen. Møtet skal ha vore høfleg, men litt anstrengt sidan Springsteen var sjenert og reservert, medan Bowie var kraftig påverka av kokain og i følgje seg sjølv sleit med å kommunisere med andre folk. Bowie spelte han aldri versjonen sin av «It’s Hard to Be a Saint», dels fordi han ikkje var nøgd med versjonen sin, som han etter kort tid skrinla. Songen kom ut i 1989 i plateboksen Sound + Vision.[93]

Foot Stompin’/I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate

Mot slutten av turneen til Bowie i 1974 byrja han å gå lei mange av songane sine, og byrja å hente inn coversongar i staden for. Bowie leita etter ein kjapp R&B-song som kunne syne fram korsongarane hans og landa på ein medley av The Flares-songen «Foot Stompin» frå 1961 og ein jazzstandard frå 1920-åra kalla «I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate», som hadde vore populær blant beat-grupper i London tidleg i 1960-åra. Bowie nytta The Olympics sin versjon, «Shimmy Like Kate» frå 1960, som mal for sin versjon.

Bowie fekk gitaristen Carlos Alomar til å auke tempoet og lage eit nytt gitarriff, som sidan vart nytta om att for innspelinga av «Fame». Bowie framførte «Foot Stompin'» på The Dick Cavett Show, som vart gjeve ut på den «offisielle» piratkopiplata RarestOneBowie, men kom ikkje med på ei seinare Young Americans-utgåve som inkludert alle dei andre Cavett-framføringane.[94]

Bowie skal elles ha gjort minst to forsøk på å spele inn «Foot Stompin'» i studio i november-desember 1974, og igjen i januar 1975 då songen utvikla seg til å bli «Fame».

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Pegg 2016, s. 374.
  2. Buckley 2005, s. 189.
  3. 3,0 3,1 Buckley 2005, s. 187.
  4. 4,0 4,1 Pegg 2016, s. 198–199.
  5. Guarisco, David A. ««1984» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 31. mai 2019. Henta 29. juli 2021. 
  6. Buckley 1999, s. 208–17.
  7. Buckley 2005, s. 194.
  8. Buckley 2005, s. 194, 336–340.
  9. Buckley 2005, s. 194–195.
  10. Pegg 2016, s. 373–374.
  11. Pegg 2016, s. 367, 374.
  12. Buckley 2005, s. 178.
  13. Pegg 2016, s. 374–375.
  14. Jackson, John A. (2004). A House on Fire: The Rise and Fall of Philadelphia Soul. New York City: Oxford University Press. s. 115. ISBN 0195149726. Arkivert frå originalen 5. mai 2021. Henta 29. juli 2021. 
  15. Nite, Norm N. (1978). Rock On: The Illustrated Encyclopedia Of Rock N' Roll, 1964 – 1978. New York City: Thomas Y. Crowell. s. 320. ISBN 0-690-01196-2. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 Pegg 2016, s. 375.
  17. Buckley 2005, s. 190–205.
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Pegg 2016, s. 376.
  19. Pegg 2016, s. 376–377.
  20. 20,0 20,1 Visconti 2007, s. 222–224.
  21. O'Leary 2015, s. 479–480.
  22. O'Leary 2015, s. 482.
  23. Pegg 2016, s. 377.
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Sandford 1997, s. 138.
  25. 25,0 25,1 25,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Young Americans – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. juni 2012. Henta 29. juli 2021. 
  26. Sheffield, Rob (18. august 2016). «David Bowie's Essential Albums». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. februar 2018. Henta 29. juli 2021. 
  27. 27,0 27,1 27,2 Wolk, Douglas (22. januar 2016). «David Bowie: Young Americans Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 1. februar 2020. Henta 29. juli 2021. 
  28. Smith, Lauren (11. august 2011). «Aug. 11, 1974: David Bowie starts recording Young Americans at Sigma Sound». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 10. september 2011. Henta 29. juli 2021. 
  29. Naftule, Ashley (6. mars 2020). «David Bowie Fell to Earth and Found His Plastic Soul on Young Americans». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 8. april 2020. Henta 29. juli 2021. 
  30. 30,0 30,1 Spitz 2009, s. 253.
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Pegg 2016, s. 378.
  32. «Young Americans Sessions». Arkivert frå originalen 12. februar 2016. Henta 30. juli 2021. 
  33. Craig DeCamps RCA staff designer
  34. Pegg 2016, s. 562–565.
  35. 35,0 35,1 35,2 Pegg 2016, s. 639–640.
  36. Buckley 2005, s. 212.
  37. «Young Americans is next 40th Anniversary Picture Disc». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 15. august 2016. Henta 8. desember 2014. 
  38. 38,0 38,1 38,2 O'Leary 2015, s. 563.
  39. 39,0 39,1 Pegg 2016, s. 323.
  40. 40,0 40,1 40,2 Buckley 2005, s. 219.
  41. «Young Americans album is 40 today». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 15. august 2016. Henta 29. juli 2021. 
  42. 42,0 42,1 «Young Americans Chart History». Billboard. Arkivert frå originalen 12. juli 2020. Henta 31. juli 2021. 
  43. 43,0 43,1 «David Bowie > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 3. november 2013. Henta 31. juli 2021. 
  44. 44,0 44,1 Pegg 2016, s. 87.
  45. Buckley 2005, s. 223.
  46. 46,0 46,1 Pegg 2016, s. 87–88.
  47. Buckley 2005, s. 244.
  48. Kot, Greg (10. juni 1990). «Bowie's Many Faces Are Profiled On Compact Disc». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 30. juli 2021. 
  49. Christgau, Robert (1981). «David Bowie: Young Americans». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 13. august 2016. 
  50. Larkin, Colin (2011). «Bowie, David». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  51. Grundy, Gareth (May 2007). «David Bowie: Young Americans». Q (250). 
  52. Sheffield, Rob (13. juni 2007). «David Bowie: Young Americans». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. juni 2007. Henta 14. august 2016. 
  53. Sheffield, Rob (2004). «David Bowie». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 97–99. ISBN 0-7432-0169-8. 
  54. Cavanagh, David (May 1991). «Return of the Thin White Duke». Select (11): 88. Arkivert frå originalen 30. juli 2021. Henta 30. juli 2021. 
  55. Troussé, Stephen (April 2007). «David Bowie: Young Americans». Uncut (119). 
  56. «Top Album Picks» (PDF). Billboard. 15. mars 1975. s. 80. Arkivert frå originalen (PDF) 5. august 2020. Henta 12. desember 2020 – via worldradiohistory.com. 
  57. Christgau, Robert (12. mai 1975). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Arkivert frå originalen 13. mars 2016. Henta 13. august 2016. 
  58. Landau, Jon (22. mai 1975). «Young Americans». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 29. mai 2012. Henta 29. juli 2021. 
  59. Mendelsohn, John (April 1975). «David Bowie: Young Americans (RCA)». Phonograph Record. Arkivert frå originalen 5. mai 2021. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  60. MacDonald, Ian (15. mars 1975). «David Bowie: Young Americans». NME. Arkivert frå originalen 5. mai 2021. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  61. 61,0 61,1 61,2 61,3 61,4 61,5 Pegg 2016, s. 379.
  62. Giles, Jeff (7. mars 2016). «Revisiting David Bowie's R&B Move, 'Young Americans'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 30. august 2020. Henta 30. juli 2021. 
  63. Sandford, Christopher (1998). Bowie : loving the alien (1st Da Capo Press utg.). New York: Da Capo Press. s. 138. ISBN 0306808544. ««Over the years, most British rockers had tried, one way or another, to become black-by-extension. Few had succeeded as Bowie did now.»» 
  64. Trynka 2011, s. 486.
  65. Buckley 2005, s. 220.
  66. Charlesworth, Chris (13. mars 1976). «David Bowie: Ringing the Changes». Melody Maker. Arkivert frå originalen 6. mai 2021. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  67. «The 500 Greatest Albums Of All Time: 200–101». NME. 25. oktober 2013. Arkivert frå originalen 4. januar 2017. Henta 30. juli 2021. 
  68. Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  69. Young Americans (liner notes). David Bowie. US/Europe: Rykodisc/EMI. 1991. RCD 10140/CDP 79 6436 2. 
  70. Young Americans (liner notes). David Bowie. Europe: EMI. 1999. 7243 521905 0 8. 
  71. «Who Can I Be Now? (1974–1976) details». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 11. februar 2017. Henta 31. juli 2021. 
  72. Gerard, Chris (28. september 2016). «David Bowie: Who Can I Be Now? (1974/1976)». PopMatters. Arkivert frå originalen 23. oktober 2020. Henta 31. juli 2021. 
  73. Young Americans (CD booklet). David Bowie. RCA Records. 1975. 
  74. 74,0 74,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  75. «Top Albums/CDs – Volume 23, No. 9». RPM. 26. april 1975. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 31. juli 2021. 
  76. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 7. november 2011. Henta 31. juli 2021.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  77. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  78. «charts.nz David Bowie – Young Americans». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mai 2017. Henta 31. juli 2021. 
  79. «norwegiancharts.com David Bowie – Young Americans». Arkivert frå originalen (ASP) 16. oktober 2013. Henta 31. juli 2021. 
  80. «Swedish Charts 1972–1975/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Mars 1975 > 25 Mars» (PDF). hitsallertijden.nl (på svensk). Arkivert frå originalen (PDF) 29. mai 2017. Henta 31. juli 2021. Note: Kvällstoppen combined sales for albums and singles in the one chart; Young Americans peaked at the number-six on the list in the 4th week of March 1975.
  81. "David Bowie – Young Americans". Italiancharts.com. Hung Medien.
  82. "David Bowie – Young Americans". Swisscharts.com. Hung Medien.
  83. «Top Pop Albums of 1975». billboard.biz. Arkivert frå originalen 8. desember 2012. Henta 11. februar 2011. 
  84. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Young Americans». Music Canada. 
  85. «British album salstrofé – David Bowie – Young Americans». British Phonographic Industry.  Enter Young Americans in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  86. «American album salstrofé – David Bowie – Young Americans». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  87. 87,0 87,1 87,2 87,3 Chris O’Leary. «Win». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  88. 88,0 88,1 88,2 Chris O’Leary. «Shilling the Rubes». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  89. Chris O’Leary. «After Today». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  90. 90,0 90,1 90,2 Chris O’Leary. «It's Gonna Be Me». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  91. Chris O’Leary. «Who Can I Be Now?». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  92. Chris O’Leary. «John, I'm Only Dancing (Again)». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  93. Chris O’Leary. «It’s Hard To Be a Saint In the City». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 
  94. Chris O’Leary. «Foot Stompin’/I Wish I Could Shimmy Like My Sister Kate». Pushing Ahead of the Dame. Henta 31. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff