Blackstar (skrive ★)[1] er det 25. og siste studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut verda over 8. januar 2016, same dagen som 69-årsdagen hans, på selskapet hans ISO, Columbia Records og Sony Music. Albumet vart i stor grad spelt inn i løyndom mellom The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City med den mangeårige medprodusenten til Bowie, Tony Visconti, og ei gruppe lokale jazzmusikarar, som bestod av saksofonisten Donny McCaslin, pianisten Jason Lindner, bassisten Tim Lefebvre og trommeslagaren Mark Guiliana. Gitaristen Ben Monder vart med ensemblet for den siste innspelingsøkta, medan James Murphy frå LCD Soundsystem bidrog med perkusjon. Albumet er meir eksperimentelt enn føregangaren The Next Day, og kombinerte kunstrock med ulike stilar av jazz.
To dagar etter albumet kom ut døydde Bowie av leverkreft. Det var ikkje offentleg kjend at han var sjuk før han døydde. Visconti har fortalt at Bowie meinte at det skulle bli svanesongen hans og ei «avskjedsgåve» til fansen før han døydde. Då det kom ut vart albumet kritikarrost og ein stor salssuksess. Det toppa albumlistene i mange land etter Bowie døydde og vart det einaste Bowie albumet som nokon gjekk til topps på amerikanske Billboard 200. Albumet låg på førsteplassen av UK Albums Chart i tre veker. Det var det femte bestseljande albumet det året verda over. Det har sidan selt til gull- og platinaplate i høvesvis USA og Storbritannia.
Albumet vann Grammyprisen for beste alternative musikkalbum, beste lydteknikar av ikkje-klassisk musikk og beste plateomslag, medan tittelsporet vann prisen for beste rockesong og beste rockeframføring. Albumet fekk òg prisen som årets album i under Brit Award i 2017. Det vart oppført som eit av dei beste albuma i 2016 og seinare for heile 2010-åra i mange publikasjonar. I åra etter Bowie døydde har Blackstar blitt omtalt som eit av dei beste albuma til Bowie i mange publikasjonar og det vart inkludert i 2018-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Bakgrunn og innspeling
David Bowie spelte inn Blackstar medan han var sjuk av leverkreft.[2] Som for det førre albumet hans, The Next Day (2013), føregjekk innspelinga i løyndom i The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City, der Bowie og den mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti var produsentar.[3][4] Bowie byrja å skrive og lage demoar for songane på Blackstar så snart innspelinga for The Next Day var over. To songar, «Sue (Or in a Season of Crime)» og «'Tis a Pity She Was a Whore», var gjevne ut tidlegare, men vart spelt inn på ny for Blackstar.[5] Tittelen på sistnemnde kom frå 'Tis Pity She's a Whore, eit skodespel frå 1600-talet av den engelske dramatikaren John Ford.[6] Songen «Lazarus» vart nytta i Off-Broadway-musikalen tilBowie, med same namn.[7]
Bowie henta inn ein lokal jazzkvartett frå New York leia av saksofonisten Donny McCaslin, i tillegg til andre musikarar som trommeslagaren Mark Guiliana, pianisten Jason Lindner og bassisten Tim Lefebvre,[8][9] for å akkompagnere seg på innspelingane.[10] McCaslin og Guiliana hadde tidlegare spelt på den originale versjonen av «Sue».[11] Musikarane fekk tilsendt demoar frå Bowie i desember 2014 for å førebu innspelinga på nyåret. Visconti sa til Mojo: «Om me hadde brikt dei tidlegare musikarane hans, hadde dei vore rockefolk som spelte jazz...Å ha jazzfolk som speler rock snur det heile oppned.»[10] Lefebvre sa seinare at kjemien i bandet gjorde innspelingane mykje enklare. Bowie visste nøyaktig kva han ville ha, så Lefebvre kjende seg spesiell sidan Bowie valde eit band som var ei «eining» og ikkje ei tilfeldig samling av studiomusikarar. Bowie oppfordra òg bandet til å prøve nye ting og eksperimentere med idear. Lindner sa til Rolling Stone «Han gav oss fridom til å verkeleg berre spele, på eit vis vere oss sjølve, og om me høyrde noko spesielt, å prøve det ut.»[12] Visconti gav alltid ros til bandet og sa «Dei kan spele kva som helst på sparket».[13]
Innspelinga byrja i The Magic Shop den første veka av 2015. Den første dagen i studio møtte Lefebvre og Lindner Bowie, Visconti og lydteknikaren Kevin Killen for første gongen, før dei gjekk rett til arbeid.[13] I følgje biografen Nicholas Pegg vart det meste av rytmespora spelte inn på første eller andre forsøk. Spora for både Blackstar og musikalen Lazarus vart spelte inn: «Lazarus» og «When I Met You» vart spelte inn 3. januar, etterfølgd av nyinnspelinga av «'Tis a Pity She Was a Whore» to dagar seinare og «No Plan» den 7. januar.[13] I løpet av veka feira Bowie 68-årsdagen sin. Kona hans Iman vitja han i studio og bandet spelte ei avantgarde utgåve av «Happy Birthday». Etter innspelingsøktene i januar, skjedde dei vidare innspelingane i blokker. I følgje Pegg, varte dei fire til seks dagar kvar, i den første veka av februar og den tredje veka av mars. Bowie sende demoar på epost til musikarane før kvar økt.[14] Bandet var visstnok ikkje klar over helseproblema til Bowie - i følgje McCaslin arbeidde bandet med Bowie «i røynda frå 11 til 16 kvar dag», og Lefebvre sa at «det såg aldri ut for oss som at han var sjuk».[15]
James Murphy frå LCD Soundsystem var i studio under den andre innspelingsblokka. Arbeidet hans på Arcade Fire sitt Reflektor inspirerte Bowie til å skape ein remiks av «Love Is Lost» for The Next Day Extra. Nyinnspelinga av «Sue (Or In a Season of Crime)» fann stad 2. februar (med Murphy på perkusjon), medan «Girl Loves Me» vart spelt inn ein dag seinare, «Someday» den 4. februar og «Dollar Days» den 6. februar.[16] «Dollar Days» vart skapt utan at det fanst ein demo først. McCaslin sa seinare at Bowie ein dag «berre tok opp gitaren ... han hadde denne vesle ideen, og me lærte oss songen der og då i studio.»[6] For innspelingane i mars fekk bandet med seg jazzgitaristen Ben Monder, som spelte på den originale innspelinga av «Sue». Tittelsporet vart spelt inn 20. mars, og «I Can't Give Everything Away» dagen etter, og «Killing a Little Time» og ei nyinnspeling av «Someday» (no kalla «Blaze») den 23. mars. Ekstra lydspor vart spelt inn dagen etter.[16] Sjølv om Bowie song vokalen live medan bandet spelte i The Magic Shop, drog han og Visconti til Human Worldwide studio i april for å spele inn vokalen hans på ny.[17] Det meste av vokalen vart spelt inn frå starten av mellom april og mai, sjølv om noko vokal frå The Magic Shop-innspelingane, inkludert delar av «I Can't Give Everything Away» og all vokal for «No Plan» vart verande. Den endelege mastermiksen er tilskriven den engelske lydteknikaren Tom Elmhirst, sjølv om Bowie og Visconti hadde oversyn med miksinga.[17]
Komposisjon og påverknad
I følgje Visconti prøvde han og Bowie med vilje «å unngå rock'n'roll» då dei lagde albumet. Dei lytta til rapperen Kendrick Lamar og albumet hans To Pimp a Butterfly frå 2015 under innspelinga og omtalte det som ei inspirasjonskjelde.[18] I ein diskusjon om albumet sa Visconti «Me enda ikkje opp med noko slikt, men me elska at Kendrick var så fordomsfri og han gjorde ikkje ei streit hip-hop-plate. Han kastet alt inn der, og det var akkurat det me ønskte å gjere.»[19] Den elektroniske duoen Boards of Canada og den eksperimentelle hip hop-trioen Death Grips er òg blitt omtalte som inspirasjonskjelder.[18][20] I følgje Pegg var eit anna album Bowie lytta til under innspelingane D'Angelo sitt Black Messiah (2014), som bestod av ei blanding av soul, jazz og funk som kan minne om det Bowie gjorde på «Sue (Or in a Season of Crime)».[19]
Musikken på Blackstar er blitt skildra som ei blanding av kunstrock,[21][22]jazz,[22][23]eksperimentell jazz,[24][25]frijazz,[21] og eksperimentell rock,[26] i tillegg til element av industriell rock, folk-pop og hip hop.[27] Bryan Wawzenek i Ultimate Classic Rock skreiv at det var det mest eksperimentelle albumet hans på mange år.[28] Saksofonen var det første instrumentet Bowie lærte å spele. Han lytta mykje til jazz i ungdomstida[29][30][31] og hadde stundom arbeidd med jazzmusikarar tidlegare. Trommeslagaren Joey Baron spelte på Outside (1995) og trompetisten Lester Bowie hadde ein kort solo på «Jump They Say» (1993).[32][33]}} Tittelsporet inneheld element av nu jazz,[34] medan han går gjennom ein drum and bass-aktig rytme, ein acid house-inspirert del i instrumentalen, ein saksofonsolo og ein blues-aktig seksjon i lågare tempo.[35][36] Med ei lengd på ti minutt var et opphavleg to separate melodiar som vart slått saman til eitt enkelt stykke.[6][37] Andy Greene i Rolling Stone sa om nyinnspelinga av «'Tis a Pity She Was a Whore» var «driven av ein hip hop-rytme og friform-saksofon»,[6] i motsetnad til originalen, som av Dalton vart skildra som «ein drivande, brølande, tung elektronisk vegg av lyd.»[24] «Lazarus» er av Pegg skildra som «ein intens, grublande klagesong». Sjølv om somme kritikarar meinte at songen vart langtekkeleg,[24][26] meinte Pegg det var ein av «mest lysande augneblikka» på albumet.[38] Sjølv om den originale versjonen av «Sue (Or in a Season of Crime)» hadde mykje blåseinstrument og eit bebop-jazz-arrangement, skreiv Stephen Dalton i Classic Rock at nyinnspelinga «kjendest skarpare, tettare og tyngre», med funkrockaktige gitarlinjer og «perkussive gys».[24] «Girl Loves Me» vart framført med synthesiser, «akrobatisk» trommespeling, strykarar og «sprettande» bass.[26][39] «Dollar Days», det sjette sporet, inneheld ein saksofonsolo og eit arrangement som Dalton meinte minna om Bowie på Young Americans (1975).[24] Biografen Chris O'Leary meinte «Dollar Days» har «det svulstigaste arrangementet» på albumet.[40] På det siste sporet, «I Can't Give Everything Away», speler Bowie ein munnspelsolo liknande den han spelte på den instrumentale «A New Career in a New Town» på albumet Low i 1977.[41]
Billboard og CNN skreiv at tekstane til Bowie verka å ta tak i den foreståande døden hans,[42][43] og CNN noterte at albumet «avslører ein mann som ser ut til å slite med si eiga døying».[42] Tittelsporet inneheld tekstlinjene: «Something happened on the day he died / Spirit rose a metre and stepped aside / somebody else took his place, and bravely cried, 'I'm a blackstar, I'm a blackstar'»; Jesse Kinos-Goodin i CBC Music meinte at desse linjene representerte Bowie som reflekterer over livet sitt og hans foreståande død.[21] «Lazarus» inneheld linjene «Look up here, I'm in heaven / I've got scars that can't be seen», som stod på trykk i mange publikasjonar etter Bowie døydde den 10. januar.[44] «Girl Loves Me» inneheld nadsat, eit oppdikta språk skapt av Anthony Burgess for romanen A Clockwork Orange i 1962, der det vart nytta ofte.[45] Det inneheld òg polari, ein type slang ofte brukt i England av homoseksuelle menn på midten av 1900-talet.[6] Refrenget inneheld linja «Where the fuck did Monday go?», som av Pegg vart tolka som den typen desperasjon ein mann som veit at tida er i ferd med å renne ut kunne ha kjent.[39] «Dollar Days» inneheld teksten «don't believe for just one second I'm forgetting you — I'm trying to, I'm dying to/too», som Pegg og O'Leary skreiv var eit særs mørkt ordspel.[40][46] «I Can't Give Everything Away» inneheld linjene «Seeing more and feeling less / Saying no but meaning yes / This is all I ever meant / That's the message that I sent», som fekk Neil McCormick i The Daily Telegraph til å tenke på songen som eit punkt der «Bowie høyrest ut som han slit med sitt eige mysterium.»[47]
Plateomslag
Plateomslaget for Blackstar vart designa av Jonathan Barnbrook, som òg hadde designa omslaga til Heathen (2002), Reality (2003) og The Next Day. Stjerna på omslaget er tilskriven NASA i CD-heftet.[4] Dei fem stjernesegmenta under hovudstjerna skal forme ordet «BOWIE» i stiliserte bokstavar.[48] På vinylomslaget, i svart, er stjerna skoren ut og syner plata (med ein heilt svart etikett) under. Når plata er fjerna syner det svarte papiret bak utskjeringa eit løynd bilete av eit stjernefelt når omslaget vert heldt opp mot eit lys. Det tok meir enn fire månader før fansen oppdaga denne effekten. Designeren hefta der var mange andre overraskingar skjulte i plateomslaget til LP-utgåva.[49][50] Musikkskribentar skreiv at ein «svartstjerne-lesjon,» vanlegvis er noko ein finn i eit bryst, og som indikerer visse typar kreft.[51][52] Omslaget er det første og einaste Bowie-omslaget som ikkje har eit bilete av artisten sjølv.[53] Etter Bowie døydde, frigav Barnbrook designelementa til Blackstar under ein Creative Commons NonCommercial-ShareAlike-lisens.[54]
Utgjeving
Tittelsporet på albumet vart gjeven ut som den første singelen frå albumet den 19. november 2015[55] og brukt som opningsmusikk for fjernsynsserien The Last Panthers.[56] Sporet var opphavleg over 11 minuttar langt, men Bowie og Visconti korta han ned til 9:57 då dei fann ut at iTunes ikkje posta digitale singlar for individuelt sal som var over 10 minuttar lange. Sjølv om Visconti meinte at denne regelen var «fullstendig tullete», insisterte Bowie på å gje songen ut på singel, og ønskte ikkje å ha både ein album- og ein singelversjon, sidan det «vert forvirrande».[6][57] Musikkvideoen for «Blackstar», filma i september 2015 i eit studio i Brooklyn,[58] er ein surrealistisk ti minuttar kortfilm regissert av Johan Renck (som regisserte The Last Panthers). Han syner ei kvinne med ein hale, spelt av Elisa Lasowski,[59] som oppdagar ein daud astronaut og tar den juvel-besette hovudskallen hans til ein eldgamal utanomjordisk by. Beina til astronauten flyt mot ei solformørking, medan ein krins av kvinner utfører eit ritual med skallen i sentrum av byen.[60] Kortfilmen vann prisen for beste regi under MTV Video Music Awards i 2016.[61]
Den andre singelen «Lazarus» kom ut 17. desember 2015 for digital nedlasting, og fekk verdspremiere på BBC Radio 6 Music-programmet Steve Lamacq Show same dagen.[62] Musikkvideoen for «Lazarus» vart filma i november 2015 i eit studio i Brooklyn, igjen regissert av Renck,[63] og kom ut 7. januar 2016, dagen før albumet kom ut. Han syner Bowie bandasjert over hovudet med knappar sydd på som auge, liggande på dødsleiet sitt.[21] Videoen vart nominert til tre prisar: Beste regi, beste kinematografi og beste klipp under MTV Video Music Awards i 2016.[64]
Blackstar kom ut 8. januar 2016, same dagen som 69-årsdagen til Bowie, på selskapet hans ISO, Columbia Records og Sony Music.[65][66][67] To dagar seinare, den 10. januar, døydde Bowie av leverkreft. Sjukdomen var blitt halde skjult for ålmenta fram til då. Visconti sa at Bowie planla albumet som sin svanesong og ei «avskjedsgåve» til fansen før han døydde.[2] Berre få dagar etter albumet kom ut var nettbutikken Amazon.com mellombels utseld for både CD- og LP-utgåvene.[68] Den tredje og siste singelen, «I Can't Give Everything Away», kom ut posthumt den 6. april 2016.[69]
Ein EP, No Plan, kom ut 8. januar 2017, på det som ville ha vore 70-årsdagen til Bowie.[70] Utanom «Lazarus», inneheld EP-en tre songar, «No Plan», «Killing a Little Time» og «When I Met You», som vart spelte inn under innspelinga av Blackstar, men som ikkje kom med på albumet og sidan kom ut på albumet for musikalen Lazarus i oktober 2016.[70][71] I 2018 spelte Jon Culshaw Bowie i BBC-radioteateret The Final Take: Bowie in the Studio, ei oppdikta soge om Bowie som arbeider på albumet og ser attende på livet sitt.[72]
Sal
Blackstar var alt på veg til toppen av UK Albums Chart før dødsfallet til Bowie vart kjend den 10. januar 2016, i følgje Official Charts Company.[73] Albumet gjekk rett inn på toppen av lista etter å ha selt 146 000 eksemplar den første veka[74] (ei veke då fire andre Bowie-album gjekk inn på topp 10 og ytterlegare sju andre låg på topp 40. Dette tangerte rekorden til Elvis Presley.[75] Albumet vart dermed det tiande albumet hans som nådde toppen av albumlista i Storbritannia.[76] Albumet låg tre veker på toppen av lista,[77] og gjekk ned til andreplassen bak eit anna Bowie-album, samleplata Best of Bowie (2002), som vart det første albumet nokon gong som gjekk til toppen i Storbritannia på grunn av strøyming.[77] I januar 2018 hadde albumet selt 446 000 eksemplar i Storbritannia.[78] Bowie var den bestseljande artisten på vinyl i 2016 i Storbritannia, med fem album på topp 30, inkludert Blackstar somdet bestseljande albumet på vinyl det året. Det selde dobbelt så mange eksemplar som det bestseljande vinylalbumet frå året før, Adele sitt 25.[79]
I USA gjekk albumet rett inn på førsteplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og selde 181 000 eksemplar den første veka.[80] Det var den første Bowie-plata som nådde toppen av lista i USA og det beste vekessalet han hadde hatt der.[81][82] Det vart det 14. bestseljande albumet i USA i 2016 med 448 000 selde eksemplar i løpet av året.[83] Albumet nådde òg toppen i 24 land, andreplassen i Hellas[84] og Mexico,[85] fjerdeplassen i Ungarn,[86] og femteplassen i Japan.[87] Det har sidan selt til gullplate i Tyskland, New Zealand, Portugal, Spania, Sverige og USA, og til platinaplate i Australia, Austerrike, Belgia, Canada, Danmark, Frankrike, Italia, Polen, Sveits og Storbritannia, og dobbelplatina i Nederland. I følgje International Federation of the Phonographic Industry (IFPI) var albumet det femte mest selde albumet det året verda over.[88] I april 2017 hadde det selt meir enn 1,9 millionar eksemplar.[89]
Blackstar vart kritikarrost då det kom. På Metacritic har albumet ein gjennomsnittleg score på 87 av 100 basert på 43 meldingar.[91]Rolling Stone-kritikaren David Fricke kalla Blackstar «ein rikosjett av teksturell eksentrisitet og tekstar med biletglimt».[99] Andy Gill i The Independent rekna plata som «det meste ekstreme albumet i heile karrieren til Bowie», og skreiv at «Blackstar er så langt borte frå pop som han nokon gong har gått.»[96]Jon Pareles i The New York Times skildra albumet som «samstundes kjensleladd og kryptisk, strukturert og spontant og framfor alt forsettleg, nektar å imøtekomme forventningane til radiostasjonar eller fans».[101]The Daily Telegraph-skribenten Neil McCormick hylla Blackstar som eit «ekstraordinært» album som «antydar at Bowie, til liks med ein moderne Lazarus i pop, verkeleg er attende frå den andre sida.»[47]Alexis Petridis frå The Guardian hylla albumet og kalla det «eit rikt, djupt og merkeleg album som kjennest som om Bowie rører seg uroleg framover, med auga retta fram: posisjonen der han alltid har laga den beste musikken sin.»[95] I ei positiv melding for Exclaim!, skreiv Michael Rancic at Blackstar er «ei definerande utsegn frå nokon som ikkje er interessert i å leve i fortida, men heller, for første gang på ei stund, ventar på at alle andre skal ta igjen».[102]
I ei melding for Q skreiv Tom Doyle «Blackstar er ei meir konsis utsegn enn The Next Day og eit langt, langt meir spanande.»[22]NME-kritikaren Sam Richards skreiv at Bowie hadde opprettheldt hans «formidable rekord med å finne opp seg sjølv på ny» på ein «travel, forvirrande og tidvis vakker plate», og la til at «ein av dei få tryggingane me kan ta frå dette rastlause, hjarterå spennande albumet er at David Bowie er positivt allergisk mot ideen om arverock.»[97] Chris Gerard i PopMatters kalla albumet «eineståande i den unike stilen og stemninga si», og skildra det som «rart og majestetisk hovudmusikk spunne frå månedagdraumar og laga for å glida inn og ut av livet.»[103] Leah Greenblatt i Entertainment Weekly meinte albumet var det beste Bowie hadde laga på mange år. I ei melding publisert før han døydde skreiv Greenblatt at albumet hadde nok tema og bilete til at ville kome til å «truleg dissekere det i dagevis eller til og med vekesvis.»[94] I ei melding skriven før Bowie døydde skreiv Ryan Dombal i Pitchfork: «Denne torturerte udødelegheita er ingen gimmick: Bowie vil leve vidare lenge etter at mannen er død. For augneblinken får han likevel mest mogleg ut av den siste gjenoppvakinga si, og legg til myta medan han framleis kan halde på ho.»[98] Barry Walters i NPR skreiv om albumet dagen etter Bowie døydde og meinte at albumet «resonnerer nettopp fordi det favoriserer kjensler framfor meining.» Walters meinte at albumet er «så oppsiktsvekkande» fordi det minner lyttaren på at sjølv om Bowie for lengst har passert toppen, er det nesten som om han aldri forlet han. Han konkluderte med at «sjølv medan han stirra på døden, snudde han påstanden sin frå «Station to Station» frå så mange år sidan: Det er aldri for seint å vere takknemleg.»[104] I The A.V. Club, der albumet vart kåra til det beste i 2016, skreiv Sean O'Neal om Blackstar som «eit lydmessig eventyrleg album som viser at Bowie alltid var eit skritt føre - der han no vil bli verande for alltid.»[105]
Etter Bowie døydde rangerte Bryan Wawzenek i Ultimate Classic RockBlackstar som det 12. beste albumet til Bowie, og skildra det som eit tilbakeblikk på Berlintrilogien hans. Sjølv om han meinte det ikkje var like «tilgjengeleg» som The Next Day, og han rekna det som ein «flott leier» og «ei passande avslutning på ein av dei mest innverknadsrik karrierane i rocken.»[28] I 2018 rangerte Consequence of Sound albumet som det åttande beste til Bowie og skreiv «Dette er ei av dei mest dynamiske utgjevingane til Bowie og ein modig utløysing av ein ny kreativ vind.» Med ros for den eksperimentelle naturen og teksten, konkluderte Lior Phillips at «Det er ei oppsiktsvekkande påminning om at den einaste måten Bowie kan overskrida 49 år med kunst, er ved å lausriva seg frå Superstjerna han hadde vorte og forvandla seg til ein heilt ny ting.»[106] Albumet vart inkludert i 2018-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[107]Pitchfork rangerte seinare albumet som eit av dei beste frå 2010-åra og kalla det «eit fantastisk farvel til publikummet hans.»[108]
Lovord
Blackstar vart kåra til eit av dei beste albuma i 2016 i fleire publikasjonar.[109] Albumet vart nominert til Top Rock Album-prisen under Billboard Music Awards i 2016,[110] men tapte til slutt for Blurryface av Twenty One Pilots. Mot slutten av 2016 dukka Blackstar opp på mange lister rangert av kritikarar over dei beste albuma det året. I følgje Metacritic var det ingen andre album som fekk høgare score i 2016.[111][112] Under Grammyprisen i 2017 vann albumet prisar for beste alternative musikkalbum, beste plateomslag og beste lydteknikar for ikkje-klassisk musikk.[113] I tillegg vann tittelsporet prisen for beste rockesong og beste rockeframføring.[113]Blackstar vart seinare vurdert som eit av dei beste albuma frå 2010-åra i fleire publikasjonar, inkludert Billboard,[114]Consequence of Sound,[115]NME,[116]Pitchfork,[108]Rolling Stone,[117]Slant Magazine[118] og Stereogum.[119]
«Sue (Or in a Season of Crime)» inneheld element frå «Brand New Heavy» av Plastic Soul, skriven av Bateman og Bhamra. Etternamnet på sistnemnde vert feilstava «Bharma» i plateomslaget.[4]
Medverkande
Medverkande i følgje plateomslaget til Blackstar.[4]
Musikarar
David Bowie – vokal, akustisk gitar, Fender-gitar (på «Lazarus»), munnspel («I Can't Give Everything Away»), strykararrangement («Blackstar»)
Northvolt AB Org.nr559015-8894TypPrivat aktiebolagHuvudkontor Stockholm, SverigeNyckelpersonerPeter CarlssonVdCarl-Erik LagercrantzStyrelseordförandeProdukterLitiumjonbatterier och batterisystemAntal anställda2300 – Januari 2022HistorikGrundat2015GrundarePeter CarlssonTidigare namnSGF Energy (2015–16)EkonomiOmsättning▲ 1,684 miljarder SEKRörelseresultat▼ -1,643 miljarder SEKVinst efter skatt▲ 744,995 miljoner SEKTillgångar▲ 41,602 miljarder SEKEget kapital▲ 35,590...
Graphical front-end for MPlayer and mpv SMPlayerSMPlayer Version 19.5 with dark skin Playing a Video of 0 A.D. in GNOME ShellDeveloper(s)Ricardo Villalba[1]Initial releaseDecember 11, 2006; 16 years ago (2006-12-11)Stable release23.6.0[2] / 30 June 2023; 4 months ago (30 June 2023) Repositorygithub.com/smplayer-dev/smplayer Written inC++ (Qt)[3]Operating systemUnix-like, Windows XP and laterAvailable inMultilingualTypeMedia playerLi...
У Вікіпедії є статті про інших людей із прізвищем Гук. Гук Василь ЮрійовичНародився 2 лютого 1927(1927-02-02)Церковна, Долинський район, УкраїнаПомер 11 листопада 2017(2017-11-11) (90 років)Івано-Франківськ, УкраїнаКраїна СРСР УкраїнаДіяльність краєзнавець, педагог, громадськ�...
Pilar Ibern Información personalNombre de nacimiento María Pilar Ibern GarcíaOtros nombres GavinaNacimiento 17 de junio de 1964 (59 años)Mataró, Cataluña, España Nacionalidad EspañolaFamiliaHijos Gessamí y Estel[1]Información profesionalOcupación Cocinera, escritora, ecochef, asesora nutricionalSitio web www.lacuinadegavina.org/index.html[editar datos en Wikidata]María Pilar Ibern García (Mataró, Cataluña, España, 17 de junio de 1964) más conocida c...
The Wise Little Hen Serial Silly SymphoniesTheatrical release posterSutradaraWilfred JacksonProduserWalt DisneyPengisi suaraFlorence GillClarence NashPinto ColvigAnimatorArt BabbittDick HuemerDick LundyWard KimballStudioWalt Disney ProductionsDikeluarkan pada date(s) 9 Juni 1934 (1934-06-09) (78 years ago)Lama waktu7 minutes (one reel)BahasaInggris Debut Pertama Donal Bebek. The Wise Little Hen adalah salah satu bagian dari kartun Silly Symphonies yang dibuat oleh Walt Disney, berdasarka...
Drs. H.Muhammad Farid SuaibM.Si.Bupati MarosMasa jabatan2004 – 12 Agustus 2005PresidenMegawati SoekarnoputriSusilo Bambang YudhoyonoGubernurAmin SyamPendahuluDrs. H. Andi Nadjamuddin Aminullah, B.A.PenggantiDrs. H. Andi Nadjamuddin Aminullah, B.A. Informasi pribadiKebangsaanIndonesiaPekerjaanBirokrat di wilayah Sulawesi SelatanProfesiBirokratDikenal karenaBirokratSunting kotak info • L • B Drs. H. Muhammad Farid Suaib, M.Si. atau lebih dikenal dengan nama M. Farid Sua...
Renang padaPekan Olahraga Nasional XIX Gaya bebas 50 m putra putri 100 m putra putri 200 m putra putri 400 m putra putri 800 m putra putri 1500 m putra putri Gaya punggung 50 m putra putri 100 m putra putri 200 m putra putri Gaya dada 50 m putra putri 100 m putra putri 200 m putra putri Gaya kupu-kupu 50 m putra putri 100 m putra putri 200 m putra putri Gaya ganti perorangan 200 m putra putri 400 m putra putri Gaya bebas estafet 4×100 m putra putri 4×200 m putra putri Gaya ganti estafet 4×...
「ジャスラック」および「JASRAC」はこの項目へ転送されています。株式市場の「ジャスダック(JASDAQ)」とは異なります。 画像提供依頼:両端が尖った楕円に独自の書体で書かれた書体のマークの画像提供をお願いします。(2023年4月) 一般社団法人日本音楽著作権協会Japanese Society for Rights of Authors, Composers and Publishers 日本音楽著作権協会本部団体種類 一般社団法人設�...
Fadil JaidiFadil pada 2 Oktober 2021LahirFadil Muhammad Jaidi17 Oktober 1994 (umur 29)Bekasi, Jawa Barat, IndonesiaKebangsaanIndonesiaPendidikanLondon School of Public RelationsPekerjaanSelebriti internetaktorpengusahapenyanyiInformasi YouTubeKanal Fadil Jaidi PembuatFadil JaidiGenreVlogkomedihiburanPelanggan5.28 juta[1]Total tayang586.9 juta[1] Penghargaan Kreator 100.000 pelanggan 1.000.000 pelanggan Diperbarui: 13 Mei 2023 Fadil Muhammad Jaidi (lahir 17 Oktober 19...
American politician (born 1970) Rob WoodallMember of the U.S. House of Representativesfrom Georgia's 7th districtIn officeJanuary 3, 2011 – January 3, 2021Preceded byJohn LinderSucceeded byCarolyn BourdeauxChair of the Republican Study CommitteeIn officeAugust 1, 2014 – January 3, 2015Preceded bySteve ScaliseSucceeded byBill Flores Personal detailsBornWilliam Robert Woodall III (1970-02-11) February 11, 1970 (age 53)Athens, Georgia, U.S.Political partyRe...
Characteres Essentiales Familiarum País Rusia Idioma latínCategoría BotánicaAbreviatura Char. Ess. Fam.Fundación Publicado en 1847DesarrolloEditor Paul Fedorowitsch Horaninow[editar datos en Wikidata] Characteres Essentiales Familiarum (abreviado Char. Ess. Fam.)[1] es un libro con ilustraciones y descripciones botánicas que fue escrito por el botánico, micólogo y pteridólogo ruso Pável Gorianinov y publicado en el año 1847 con el nombre de Characteres essentiales ...
Mancha Negra Personagem de Quadrinhos Disney e DuckTales Mickey Mouse e Mancha Negra Informações gerais Primeira aparição Outwits the Phantom Blot, em 1939, nos EUA Criado por Floyd Gottfredson Voz original Peter Cullen John O'Hurley Informações pessoais Nome original Phantom Blot Língua original (em inglês) Características físicas Sexo Masculino Cor do cabelo Preto Cor dos olhos Pretos Informações profissionais Ocupação criminoso Poderes nenhum Aliados Bafo de Onça, Irmãos Me...
This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) The topic of this article may not meet Wikipedia's notability guideline for books. Please help to demonstrate the notability of the topic by citing reliable secondary sources that are independent of the topic and provide significant coverage of it beyond a mere trivial mention. If notability cannot be shown, the article is likely to be merge...
Play written by Dennis Kelly Osama the Herocover of Osama the Hero by Dennis KellyWritten byDennis KellyCharacters Gary (Male, seventeen) Francis (Male, late twenties) Louise (Female, mid-twenties) Mandy (Female, fifteen / sixteen) Mark (Male, fifty) Date premiered2005Place premieredHampstead Theatre, LondonOriginal languageEnglishGenrein-yer-face theatre Osama the Hero is a three act in-yer-face play by Dennis Kelly. The first two acts were staged as part of the Wild Lunch series by Paines P...
جزء من سلسلة من المقالات حول مواد نانوية فولرينات أنابيب نانوية كربونية كيمياء الفولرين تطبيقات محتملة للأنابيب الكاربونية الفولرين في الثقافة الشعبية الجدول الزمني للأنابيب الكاربونية تآصل الكاربون جسيمات نانوية نقاط كمية بنية نانوية ذهب غروي جسيمات فضة نانوية جسيمات...
Lihat pula: Demografi Gibraltar Artikel ini bukan mengenai Bahasa Gibraltar. Bahasa diGibraltarSatu dari banyak markah dwibahaasa di Upper Rock Nature Reserve, Gibraltar, dicetak dalam bahasa Inggris dan Spanyol.ResmiInggrisDiakuiSpanyolUtamaBahasa Inggris BritaniaVernakularLlanitoMinoritasArab Maghreb, Berber, Sindhi, Hindi, Malta, IbraniIsyaratBahasa Isyarat BritaniaTata letak papan tombolBritania (QWERTY) L • B • PWBantuan penggunaan templat ini Budaya Gibraltar Sejarah Bangs...
This biography of a living person needs additional citations for verification. Please help by adding reliable sources. Contentious material about living persons that is unsourced or poorly sourced must be removed immediately from the article and its talk page, especially if potentially libelous.Find sources: Wan Kuok-koi – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (April 2009) (Learn how and when to remove this template message) Wan Kuok-koiWan Kuok-...
This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: List of American Chopper episodes – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (January 2021) (Learn how a...
Genre of ancient Greek literature Actor on a Sicilian red-figured calyx-krater (c. 350–340 BC). Ancient Greek comedy (Ancient Greek: κωμῳδία, romanized: kōmōidía) was one of the final three principal dramatic forms in the theatre of classical Greece (the others being tragedy and the satyr play). Athenian comedy is conventionally divided into three periods: Old Comedy, Middle Comedy, and New Comedy. Old Comedy survives today largely in the form of the eleven surviving plays o...