Rare (ofte kalla Bowie Rare) er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut på RCA Records i desember 1982. Forholdet mellom Bowie og plateselskapet var dårleg på denne tida. Bowie hadde nettopp spelt inn den siste musikken sin for RCA Records med Baal EP, og vart fornærma då dei gav ut ein fem år gammal duett med Bing Crosby («Peace on Earth/Little Drummer Boy») som singel utan at han vart spurt først. Bowie informerte RCA om at han var misnøgd med Rare, og kom til å signere for EMI Records for det neste albumet sitt. Alle songane på Rare vart gjevne ut for første gongen på LP og kassett.
Samlinga inneheld sjeldne innspelingar mellom 1969 og 1980. RCA gav ikkje ut Rare i USA, og det kom heller ikkje ut på CD, slik mange av dei andre RCA-albuma vart i 1984.
Albumet låg 11 veker inne på UK Album Chart og nådde 34. plassen på lista.
Innhald
Alle songar skrivne av David Bowie utanom der andre er nemnde.
«Holy Holy» (Ein nyare versjon av Bowie sin singel frå 1970, spelt inn under Ziggy Stardust-innspelinga, og gjeven ut som B-side til singelen «Diamond Dogs»)