Luther Vandross |
|
|
Fødd | 20. april 1951 Manhattan i New York City USA |
---|
Fødestad | New York by |
---|
Død | 1. juli 2005 (54 år) Edison i New Jersey, USA |
---|
Dødsstad | Edison |
---|
Fødenamn | Luther Ronzoni Vandross |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | 1968–2005 |
---|
Sjanger | R&B, soul, softrock |
---|
Instrument | vokal |
---|
Stemmetype | tenor |
---|
Tilknytte artistar | Change, Chic, Richard Marx, Whitney Houston |
---|
Plateselskap | Cotillion, Epic, Virgin, J, Legacy |
---|
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
---|
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Luther Ronzoni Vandross (20. april 1951–1. juli 2005) var ein amerikansk songar, låtskrivar og plateprodusent. I løpet av karrieren sin selde Vandros meir enn 25 millionar album[1] og vann åtte Grammy Award[2] inkludert beste mannlege R&B-vokal fire gonger.
Luther Vandross byrja å spele piano då han var tre år. Han starta karrieren sin på 1970-talet som bakgrunnsvokalist for artistar som David Bowie (som oppdaga han og fekk han med på sitt Young Americans-album), Roberta Flack, Carly Simon, Donna Summar, Bette Midlar, Chic og Barbra Streisand. Han fekk endeleg gjennombrotet sitt som gjestesanger for gruppa Change. Hans første hit var «Searching».
Vandross hadde diabetes, ein sjukdom som gjekk i familien. I 2003 vart han veldig sjuk. Han stilte opp på Grammy for å motta prisen for årets song, og då sa han «Whenever I say goodbye it's never for long because I believe in the power of love» (direkte omsett: «Kvar gong eg seier farvel er det ikkje for lenge, fordi eg trur på styrken i kjærleiken».
Forutan å vere på The Oprah Winfrey Show, vart han aldri sett offentleg igjen. Luther Vandross døydde 1. juli 2005 på John F. Kennedy Medical Center i Edison i New Jersey i ein alder av 54. Grunnen til at han døydde vart aldri sagt offentleg. Minnestunda vart halden 8. juli, 2005 i New York City. To dagar seinare vart han gravlagd i George Washington Memorial Park i Paramus i New Jersey.
Kjelder
Bakgrunnsstoff