Richard Marx |
|
|
Fødd | 16. september 1963 (61 år)[1] |
---|
Fødestad | Chicago i USA[1] |
---|
Fødenamn | Richard Noel Marx[1] |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | 1980 til i dag |
---|
Sjanger | Poprock, alternativ rock, softrock[2] |
---|
Instrument | vokal, gitar, klaverinstrument, orgel, piano, bassgitar |
---|
Stemmetype | tenor |
---|
Tilknytte artistar | Dick Marx, Fee Waybill, Matt Scannell, Luther Vandross, Keith Urban |
---|
Plateselskap | Capitol, EMI, Manhattan, Signal 21, Zanzibar, Frontiers, Kobalt Label Services |
---|
Verka som | Songar-låtskrivar, musikar, plateprodusent, skodespelar |
---|
Far | Dick Marx |
---|
Gift med | Cynthia Rhodes |
Richard Noel Marx (fødd 16. september 1963) er ein USA-amerikansk adult contemporary- og pop/rock-songar, låtskrivar, musikar og plateprodusent som har selt over 30 millionar plater. Han hadde ei rekkje hitsinglar i 1980- og 1990-åra som «Endless Summer Nights», «Right Here Waiting», «Now and Forever» og «Hazard». Sjølv om nokre av dei store hittane hans var balladar, er mange av songane hans rockelåtar, som «Don't Mean Nothing», «Should've Known Better», «Satisfied» og «Too Late to Say Goodbye».
Marx hamna i rekordbøkene som den første soloartisten som fekk dei sju første singlane sine inn på topp 5 på Billboard Hot 100-lista i USA.[3] Utanom songar han har skrive og framført sjølv, han har han skrive og produsert songar for andre artistar, som «This I Promise You» av NSYNC og «Dance With My Father» av Luther Vandross. Den 14. og så langt siste listetoppen hans var «Long Hot Summer» med Keith Urban.[4]
Diskografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff