«Golden Years» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Han vart opphavleg gjeven ut på singel i november 1975 og i ei lengre utgåve året etter på albumet Station to Station.
Songen var den første som vart gjort ferdig under innspelinga av Station to Station, ein periode der kokainmisbruket til Bowie var på sitt verste.[1] På eit stadium var namnet på singelen òg planlagt som namnet på albumet.[2]
Innspelinga vart produsert av Bowie i lag med Harry Maslin, og vart spelt inn i september 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles. Det var det første sporet som var ferdig under innspelinga, ein periode då kokainmisbruket til Bowie var på sitt verste. På eit stadium var songen meint å vere tittelsporet på albumet. Musikalsk er «Golden Years» ein funk- og disco-song som minner meir musikken på det førre albumet hans, Young Americans, enn på resten av albumet det høyrer til. Songen vart ein kommersiell suksess og nådde åttandeplassen i Storbritannia og 10. plassen i USA. Songen vart sporadisk spelt av Bowie på Isolar-turneen i 1976, men ofte på Serious Moonlight, Sound+Vision og Mini-turneen.
Låtskriving og innspeling
«Golden Years» var det første sporet som vart spelt inn for Station to Station i september 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles.[3][4] Produsenten Harry Maslin fortalte om innspelinga at songen vart «spelt inn og fullført særs raskt. Me visste han var heilt rett i løpet av ti dagar. Men resten av albumet tok eviglang tid.»[5] På eit stadium var songen meint å vere tittelsporet på albumet.[5]
Kven songen er skriven for varierer i kjeldene. I følgje forfattarane Nicholas Pegg, David Buckley og Christopher Sandford vart songen visstnok skriven for Elvis Presley, som avslo tilbodet.[3][6][7] Bowie hugsa at Presley hadde høyrd demoinnspelinga og, fordi begge artistane hadde kontrakt hos RCA Records på den tida, tenkte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, at Bowie kunne skrive songar for Presley. Bowie sa at han hadde «elska» Presley og ønskte særs mykje å arbeide med han.[3] Om kontora til dei to artistane var i kontakt med kvarandre, så vart det uansett ikkje noko av. Presley sende ei melding til Bowie som sa «Alt godt, og ha ein flott turné». Bowie tok vare på meldinga resten av livet.[3]
Den første kona til Bowie, Angie Bowie, hevda seinare at songen var skriven for ho,[7][8] og sa at han song songen over telefonen til ho, «akkurat slik han hadde fleire år før då han song «The Prettiest Star». Det hadde ein liknande effekt. Eg kjøpte det.»[6] I følgje Sandford, skal Ava Cherry òg ha blitt hevda å ha vore inspirasjonen til songen.[7]
Komposisjon
Station to Station er ofte rekna som ei musikalsk bru mellom funk- og soul-musikken på Young Americans og den eksperimentelle musikken i Berlin-trilogien hans.[9] «Golden Years» er ein funk- og disco-song[4][10][11] og er den einaste songen på albumetm som har ein liknande funkstil som på det tidlegare Young Americans enn det som i følgje Pegg var «det meir stålaktige musikalske landskapet» på Station to Station.[5][12] Pegg kommenterte òg at den amerikanske «soul-pop»-rota er «lett gjenkjenneleg». Han sa at hovudriffet «skuldar ei gjeld til» Cliff Nobles- og Company-songen «The Horse» frå 1968 og det fleirspora vokalrefrenget frå singelen «Happy Years» av The Diamonds frå 1958.[5]
Songen går i H-dur og byrjar med eit «enkelt riff på to akkordar (Fiss–E),[13] som Buckley meiner fangar lyttaren med ein gong.[8] Doggett meiner at riffet «minner om»–rettnok «under heilt andre tilhøve»–til tittelsporet på Aladdin Sane.[4] I følgje Buckley leitte Bowie etter ein måte å etterlikne den glitrande nostalgien i «On Broadway», som han spelte på piano i studio då han kom opp med «Golden Years».[8] Doggett skriv: «Dei magiske ingrediensane var kraftige: raslinga av stikker mot hi-hat-cymbalen frå starten, den oppsiktsvekkande klapringa av treblokker, den brå trommefillen.»[14] Desse kombinerte elementa «kanaliserer» anda til Elvis Presley i versa med ein «hovmodig og strengare tone» i refrenget.[14]
Utgjeving
«Golden Years» kom ut 21. november 1975 som den første singelen frå Station to Station av RCA Records (som RCA 2640/PB-10441) med Young Americans-sporet «Can You Hear Me?» som B-side og ei lengd på 3:27.[15] Han kom så ut som det andre sporet på albumet, mellom tittelsporet og «Word on a Wing», med ei lengd på 4:03.[16] I følgje Pegg er singelversjonen «i røynda» albumversjonen med ein tidlegare uttoning.[6] Bowie vart visstnok full då han framførte songen for det amerikanske TV-showet Soul Train. Bowie var den fjerde kvite artisten som song på progrmame etter Elton John, Dennis Coffey og Gino Vannelli tidlegare på året.[17] TV-framføringa vart nytta som musikkvideo for å marknadsføre singelen, assistert med den stadige kommersielle suksessen til Bowie i USA, der songen låg inne på lista 16 veker og nådde 10 veker tidleg i 1976. Han nådde åttandeplassen i Storbritannia, der han konkurrerte med ei nyutgjeving av «Space Oddity», som toppa lista.[6] I Canada nådde songen 17. plassen.[18] Songen var òg topp 10 i Irland, Nederland og Sverige. Som digital nedlasting nådde han fjerdeplassen i Ungarn i 2016.
Ein oppdatert singel for «Golden Years» vart gjeven ut i 2011 i samband med nyutgjevinga av Station to Station. Fire nye remiksar vart laga av DJar frå radiostasjonen KCRW i California.[37]
Innhald
«Golden Years (Single Version)» – 3:27
«Golden Years (Anthony Valdez KCRW Remix)» – 4:22
«Golden Years (Eric J. Lawrence KCRW Remix)» – 3:11
«Golden Years (Chris Douridas KCRW Remix)» – 4:25
«Golden Years (Jeremy Sole KCRW Remix)» – 4:37
Andre versjonar
Nina Hagen - Konsertopptak frå Fearless/Angstlos-turneen