«The Hearts Filthy Lesson» (ingen apostrof i «Hearts» [sic]) er ein song av David Bowie, frå albumet hans Outside frå 1996 og gjeven ut som ein singel før albumet kom ut. Det syne den nye industrielle musikkstilen til Bowie. Teksten, som knyter singelen til resten av albumet, er ein sørgjesong for den «tyranniske futuristen» Ramona A. Stone, eit tema som går att i fleire songar. Songen er òg meint å konfrontere Bowie sitt eige syn på den rituelle skapinga og forringinga av kunsten.
Songutvikling
Songen oppstod ut frå Leon-innspelingane i mars 1994, der Bowie og bandet hans hadde spelt lange improvisasjonar, som mykje av albumet Outside er baserte på.[4] Sidan songen var eit resultat av bandeksperimentering er songen tilskriven seks låtskrivarar: Bowie, Brian Eno, Reeves Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay og Sterling Campbell.[5] Bowie sa at songen «ikkje har noko enkel og samanhengande melding. ... Det er berre informasjon: gjer det til kva du vil.» Og at det er ein «montasje av emne, bitar frå aviser, historier, draumar og halvforma tankar».[4][6] På eit punkt under songutviklinga gjekk Bowie attende og skreiv ein ny tekst basert på engelske landskapsmalarar. Reeves Gabrels, som arbeidde med Bowie på albumet, sa til han, «det er fint og alt det - men det øydelegg på eit vis essensen i songen, syns du ikkje?», før Bowie gjekk attende til den originale teksten.[7]
Mottaking
Kritikarane var generelt lunkne, sjølv om han vart vurdert i eit betre lys då han songen vart hørt i lag med resten av albumet kort tid etterpå. Trass i den ikkje-kommersielle stilen nådde songen 35. plassen på singellista i Storbritannia og 41. plassen i Canada..[8][9]Music & Media sa «Når du set Bowie & Eno i eit rom i lag, skjer den same magien som når Jagger & Richards kjem saman. Dei siste albuma hans var «fine», men med dette industrielle sporet går the thin white duke attende i front.»[10] Det britiske magasinet Music Week vurderte songen til tre av fem og skreiv «Langsam, men merkeleg gripande, ein androgyn avan-ballade som er positivt bevis på at Bowie er attende.»[11] Biografen Nicholas Pegg sa at for dei uinvidde for musikken til Bowie var denne songen «melodilaust bråk», men for dei som kjende Bowie var det «eit fantastisk stykke industriell techno-rock.»[7]
Singelen var den første singlen til Bowie som gjekk inn på topp 100 i USA sidan «Never Let Me Down» i 1987, då han så vidt nådde 92. plassen. I Sverige nådde «The Hearts Filthy Lesson» 34. plassen i 1995.[12]
Musikkvideo
Videoen bestod av ein montasje av kunst-aktige lemlestingar og blodige objets d'art og vart redigert då han vart vist på MTV. Videoen vart regissert av Samuel Bayer, mannen bak videoen til Nirvana-klassikaren «Smells Like Teen Spirit».[4] Videoen vart kontroversiell nok til at han vart omredigert for MTV, med bilete av skallar, galgar, stearinlys og grufulle lekamar i sylteglas, medan ein trommeslagar festa til snorer som ein marionett til stadig dukkar opp.»[7] Pegg skildra resultatet som «glimrande, skremmande og vil truleg ikkje vinne massemarknaden.»[7] I intervju kommenterte Bowie «ritualkunst»-aspektet ved Outside: «Innspela mine dreidde seg om ideen om rituell kunst - kva alternativ var opne for den slags kvasi-offerande blodbesette kunstformer? Og ideen om ein ny-heidenskap som utviklar seg - særskild i Amerika - med dei nye kultane med tatovering og skarifisering og piercingar og alt det der. Eg trur folk har eit reelt behov for eit andeleg liv, og eg trur det er ein stor andeleg svolt på gang. Det er eit hol som er forlate av eit autoritativt religiøst organ - den jødisk-kristne etikken ser ikkje ut til å omfamna alle tinga som folk faktisk treng å ha handtert på den måten - og det har vorte overlate til populærkulturen å suge til seg restane som vald og sex.»[13]
Radioutgåva kom ut på samlealbuma Best of Bowie (2-CD US/Canada 2002) og Nothing Has Changed (3-CD 2014). Fleire av miksane kom ut i 2004 på den avgrensa doble utgåva av Outside. Songen vart nytta under rulleteksten til filmen Seven i 1995, men kom ikkje ut på det offisielle filmusikkalbumet.