«Time Will Crawl» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som den andre singelen frå det syttande studioalbumet hans, Never Let Me Down (1987). Han var skriven av Bowie og produsert av han og David Richards. Songen kom ut i 1987 på EMI og omhandlar korleis jorda vert øydelagd av forureining og industri. Tsjernobyl-ulukka var ein direkte inspirasjon for teksten. Den tilhøyrande videoen var ein smakebit av den komande Glass Spider-turneen til Bowie (1987). Musikkpressa likte «Time Will Crawl», både teksten og produksjonen, og skildra han som ein av dei beste songane til Bowie i siste halvdel av 1980-åra. I tillegg omtalte Bowie seinare songen som ein favorittane hans frå heile karrieren. Kommersielt nådde singelen 33. plassen på UK Singles Chart og sjuandeplassen på BillboardMainstream Rock Tracks-lista.
Bakgrunn og utgjeving
«Time Will Crawl» vart skriven og spelt inn av Bowie i løpet av 1986 i Mountain Studios i Montreux i Sveits. Innspelinga vart produsert i lag med David Richards.[2] I starten vart songen kalla «How We War», men Bowie endra tittelen før albumet kom ut.[3] Teksten omhandlar korleis industri forureinar og øydelegg planeten. Bowie sa at då han høyrde om Tsjernobylulukka i april 1986 vart han inspirert til å skrive teksten. Han var i Sveits då ulukka skjedde. Han sa «Eg tok ein pause frå innspelinga. Det var ein vakker dag og me var ute på ein liten plen med utsikt til Alpane og innsjøen. Lydteknikaren vår hadde lytta til radio og ropte: 'Det er mykje drit som skjer no i Russland.' Sveitiske nyhende hadde plukka opp ein norsk radiostasjon som skreik – til alle som lytta – at enorme skyer kom inn over Europa frå Moderlandet og dei var ikkje regnskyar.»[1] I eit anna intervju på den tida sa Bowie at songen «omhandlar ideen om at nokon i ditt eige samfunn kunne vere ansvarleg for å øydeleggje heile verda.»[4] På den tida sa han òg at songen var favorittsongen hans frå albumet.[4]
«Time Will Crawl» kom ut i juni 1987 på EMI med ein coverversjon av Tina Turner sin «Girls» (1987) som B-side.[1]
I 2008 vart ein nymiksa versjon av songen («MM Remix» av Mario J. McNulty) med på Bowie si eiga samleplate, iSelect, som inneheldt favorittsongane hans. McNulty fjerna det originale trommesporet og la til nye trommer med trommeslagaren Sterling Campbell og nytta i tillegg ei ny instrumentering, inkludert ein strykekvartett. På den tida indikerte Bowie at han ønskte å forbetre resten av songane på Never Let Me Down,[1][5][6] eit prosjekt som først vart noko av etter Bowie døydde, då Never Let Me Down 2018 kom ut i plateboksen Loving The Alien (1983-1988) (2018). I følgje McNulty hadde Bowie ein spesifikk ide om kvar han ønskte å gjere med songen for remiksen og meinte at det at Bowie kunne gjere så drastiske endringar med songen viste at han var «fryktlaus». McNulty sa at då dei møttest for å diskutere remiksen «sat Bowie på stovegolvet med ein laptop, tok notat, og berre hang, og sa 'eg vil gjere dette, bli kvitt dette, eg vil ha trommer her, eg vil ha strykarar der, ok, når kan me gjere det?'»[7]
«Time Will Crawl» vart framført på alle konsertane under Glass Spider-turneen i 1987 og kom sidan ut på luksusutgåva av Glass Spider (2007).[15] Same året spelte Bowie inn eit opptak av songen for «Top of the Pops» på BBC, men framføringa hans vart til sjuande og sist ikkje vist på fjernsyn, fordi songen fall på singellista. Videoen vart seinare lasta opp til YouTube.[1]
Generelt har musikkpressa rekna songen som ein av dei beste Bowie hadde frå midten til slutten av 1980-åra.[1][16][17] Bowie-biografen Nicholas Pegg likte både produksjonen og teksten på songen, og sa «tekstmessig er han òg blant dei beste på albumet, ein behageleg retur til ei ikkje-lineær tilnærming som malar eit aude landskap av forgifta elver, kjernefysiske øydeleggingar og genetisk mutasjon som kan minne om Diamond Dogs.»[1]AllMusic-kritikaren Dave Thompson likte songen for den «økologisk-tilbøyelege teksten, ein svært flytande vokal og ein strålande gitarsolo av Sid McGinnis som gjer at Bowie høyrest ut som han verkeleg kosar seg», som var «sjeldan» for Bowie seint i 1980-åra.[16]
Entertainment Weekly hadde med videoen for «Time Will Crawl» på lista si over dei 20 beste videoane til Bowie etter han døydde i 2016 og likte framføringa. Dei skreiv «...berre legg merke til måten Bowie flyttar seg i denne videoen. Det er ikkje ei rørsle som ikkje er planlagd. Sjølv når han ikkje er kledd som Ziggy Stardust eller Aladdin Sane, kan du ikkje ta augo frå han.»[18]
Innhald
«Time Will Crawl» var skriven av Bowie. B-sida «Girls» har tekst og produksjon av Bowie og Erdal Kızılçay. Ein avgrensa 7"-singel kom ut i somme område med eit plateomslag bretta som ein dobbeltsida plakat. «Extended dance mix» vart miksa av produsenten Richards, og «Dance Crew Mix» av Chris Lord-Alge. For den japanske versjonen av «Girls» (sungen av Bowie på japansk), var Kiri Teshigahara språk-coach og Hiro Hozumi sette om teksten.[2][19][20] Alle spor kom ut digitalt i 2007.[1]