«Seven» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels for albumet Hours i 1999. Som med andre songar frå Hours vart han opphavleg skriven for videospelet Omikron - The Nomad Soul i 1999.[1] I juli 2000 kom songen ut som den fjerde singelen frå albumet. Versjonen som vart nytta i Omikron – The Nomad Soul vart kalla «Demo-versjonen» på singelutgjevingane.
Bowie framførte songen på BBC Radio Theatre i London, 27. juni 2000, og denne kom ut på ei bonusplate som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000.
Andre utgjevingar
«Demo-versjonen», «Marius De Vries mix», og to andre Beck-miksar kom ut på bonusplata som følgde 2004-utgåva av Hours. «Marius De Vries-miksen» kom òg ut som ein del av samleplata Nothing Has Changed.