Warwickshire er eit grevskap i England . Det høyrer til regionen Vest-Midlands , og grensar mot West Midlands , Staffordshire , Leicestershire , Northamptonshire , Oxfordshire , Gloucestershire og Worcestershire . Administrasjonsbyen er Warwick . Dei største byane er Nuneaton , Rugby , Leamington Spa og Bedworth . Størstedleen av innbyggjarane i Warwickshire nur i nord og i sentrum av grevskapet.[ 1]
Det er ingen sameinte styresmakter i Warwickshire, og grensene for det seremonielle og det administrative grevskapet er derfor samanfallande.
Tidlegare var mykje av det vestlege Warwickshire dekt av Ardenskogen , som sidan 1600-talet nesten har forsvunne. Fleire landsbyar har namn som sluttar på «-in-Arden» fordi dei låg i denne skogen.
Inndeling av grevskapet: 1. North Warwickshire 2. Nuneaton and Bedworth 3. Rugby 4. Stratford-on-Avon 5. Warwick
Kjelder
Bakgrunnsstoff