Namnet Buckinghamshire er av anglosaksisk opphav og tyder «Distriktet (scire) til heimen til Bucca» Bucca's home syner til Buckingham nord i grevskapet og er kalla opp etter ein anglosaksisk landeigar. Grevskapet har hatt dette namnet sidan om lag 1100-talet, men sjølve grevskapet har eksistert sidan kongedømet Mercia (585–919).
Historia til området går tilbake til tida før anglosaksarane og har ei rik soge som startar i dei keltiske og romerske periodane. Det er derimot anglosaksarane som har sett mest preg på Buckinghamshire. Geografien på landsbygda i grevskapet er omtrent som det var under anglosaksarane. Seinare vart Buckinghamshire eit viktig politisk område og Kong Henrik VIII blanda seg inn i den lokale politikken på 1500-talet, og hundreår seinare vart visstnok den engelske borgarkrigen starta av John Hampden sentralt i Buckinghamshire.[1]
Historisk skjedde dei største endringane i grevskapet på 1800-talet då landsbygda her vart råka av både kolera og svolt. Dette tvinga bøndene inn i større byar for å finne arbeid. Dette endra ikkje berre den lokale økonomien, men gjorde at landområda gjekk på billigsal i ein periode då dei rike i England vart meir mobile. Buckinghamshire vart dermed ein populær landleg idyll, ei førestilling som framleis finst i dag. Mange innbyggjarar i Buckinghamshire jobbar i London og dette har medverka til velstand i grevskapet, men det finst òg mindre velståande område.[2]