Frå nord til sør er det berre 18 km langt og får vest til aust berre 17 km breitt. Det er den minste sameinte styresmakta i England ut frå folketal og berre City of London har mindre areal. Det er òg det minste historiske grevskapet i England, som har gjeve det mottoet Multum In Parvo eller «mykje i lite».[1] Av dei moderne seremonielle grevskapa er Isle of Wight, City of London og City of Bristol mindre.
Dei einaste byane i Rutland er Oakham, som er administrasjonsstad, og Uppingham. Midt i grevskapet ligg det store vassreservoaretRutland Water. Dette ere it viktig naturreservat for overvintrande fuglevilt og hekkestad for fiskeørn.