«Strangers When We Meet» er ein song av David Bowie, opphavleg spelt inn for albumet The Buddha of Suburbia i 1993. I 1995 spelte Bowie inn songen på ny for albumet Outside og denne versjonen vart gjeven ut som singel i lag med ein omarbeidd versjon av «The Man Who Sold the World».
Utvkling
Musikalsk har songen fleire likskapar med tidlegare Bowie-songar. Gitartemaet i bakgrunnen på Buddha of Suburbia-versjonen er særs lik temaet i «Look Back in Anger». Basslinja i byrjinga av songen er den same basslinja som er nytta i songen «Join the Gang» frå 1967.
«Strangers When We Meet» er ein song Bowie spelte inn tre gonger. Ein gong i 1993 med Reeves Gabrels og bandet hans Modern Farmer (ikkje utgjeven), ein gong i 1993 som soloartist for albumet The Buddha of Suburbia, og så igjen i 1994-95 for Outside.[1] Begge biografane Nicholas Pegg og Chris O'Leary er samde om at songen ikkje heilt verkar å passe inn på Outside: Pegg sa at songen «på slutten av kunstrock-galskapen på 1. Outside verkar 'Strangers When We Meet' enno meir uovereinsstemmande, og løyser all angsten og den svarte komikken på albumet ut i eit roleg stykke konvensjonell pop»,[2] og O'Leary kalla songen «flyktig» og ikkje eigna på nokre av albuma han kom ut, og verkar nesten som eit bonusspor på slutten av Outside.[1]Buddha-versjonen er kalla «anspent, meir kompakt, med meir nerve»[1] samanlikna med den «frodige» versjonen på Outside.[2]
B-sider
Sjølv om versjonen av «The Man Who Sold the World» vart omtalt som eit «konsertopptak», var det i røynda eit studioopptak basert på ein omarbeidd versjon av songen spelt inn seint i oktober 1995 på Outside-turneen, og miksa av Brian Eno. Denne versjonen kom ut i 2020 på EP-en Is It Any Wonder?[3]
«Get Real» vart gjeven ut som bonusspor på den japanske utgåva av Outside i 1995, og som B-side til denne singelen. I 2004 kom han òg ut på nyutgjevinga av Outside og i 2007 i plateboksen David Bowie. Songen, som var til overs frå Outside-innspelinga,[1] vart skildra som «langt meir konvensjonell poprock enn noko anna på albumet»[2] med ein referanse til nokre av Bowie sine eigne «ikkje-sakna»[1] songar frå midten av 80-åra.[2] Eit papirark datert 6. mars 1994 på utstillinga David Bowie Is syner at teksten til songen i det minste var dels køyrd gjennom Verbasizer-programmet, som Bowie likte å bruke som saks og papir for å kutte opp og omarrangere tekstane sine.[1] Pegg kalla songen «eit tiltalande innblikk i mengda ekstramateriale som er spelt inn under Outside, og nok eit døme på kor opptatt Bowie er av karakteren til røyndomen.»[2]
Utgjeving og marknadsføring
Singelen kom ut i november 1995.[2] Dei fleste versjonane var av den nyare Outside-versjonen av songen, men ein amerikansk promo-CD inkluderte ei sjeldan singelutgåve av Buddha of Suburbia-versjonen, og ein sjeldan promokassett frå 1993 har ein annan versjon enn den som er på Buddha-innspelinga med ein annan perkusjon og miksing.[2]
Musikkvideoen til Samuel Bayer for songen hadde same visuelle stil som videoen for «The Hearts Filthy Lesson», men var enklare og rolegare i eit forfallande kunststudio.[2]
Konsertopptak
For å marknasføre albumet og singelen framførte Bowie «Strangers When We Meet» fire gonger på ulike show i USA og Storbritannia. Den første gongen var 27. oktober 1995 på The Tonight Show with Jay Leno.[1] Den 10. november 1995 framførte Bowie ein uheldigvis «glanslaus» versjon av songen på Top of the Pops medan han var midt i øvinga for Outside-turneen, og så igjen 2. desember 1995 på Later... with Jools Holland.[2] Han vart framført ein gong til på TV den 26. januar 1996 på det franske TV-programmet Taratata.[2] Seinare vart songen stundom framført på Outside-turneen i 1995-1996 og Earthling-turneen i 1997.[2] Ei innspeling av songen frå Outside-turneen, kom ut på No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020), som er kalla opp etter eit liten bit av teksten frå songen.
Salslister
Den doble A-sida nådde 39. plassen på den britiske singellista.[1][2] I Sverige nådde «Strangers When We Meet» 56. plassen i 1996.[4]