«Philadelphia Freedom» er ein song gjeven ut av Elton John (som «The Elton John Band») som singel i 1975. Songen var ein av mange listetoppar for John i USA på denne tida. I Canada var singelen den åttande som nådde toppen av singellista. Songen var skriven av Elton John og Bernie Taupin som ei teneste for venen og tennisstjerna Billie Jean King. King var ein del av tennislaget Philadelphia Freedoms. Gene Page har arrangert orkesteret på songen.
Songen vart spelt inn sommaren 1974 under ein pause i innspelinga av Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy og var den einaste songen John og Taupin skreiv med tanke på ei singelutgjeving. I følgje boka His Song: The Musical History of Elton John av Elizabeth Rosenthal skal Taupin ha sagt at «Eg kan ikkje skrive ein song om tennis» og gjorde det heller ikkje. Taupin hevdar at songen ikkje har noko tilknyting til tennis, Philly Soul eller patriotisme, men teksten er likevel tolka som patriotisk og oppløftande. I USA selde singelen til gull i 1975 og til platina i 1995.
Songen vart spelt inn av Hall & Oates på hyllestalbumet Two Rooms i 1991. Han vart òg spelt inn av Ike & Tina Turner.
Kjelder