Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Fall Dog Bombs the Moon

Fall Dog Bombs the Moon
Song av David Bowie
frå albumet Reality
Innspelt 2003
Sjanger Alternativ rock
Lengd 4:04
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«Fall Dog Bombs the Moon» er ein song skriven av David Bowie i 2003 for albumet Reality. I følgje Bowie sjølv då albumet kom ut «kom songen frå ein artikkel eg las om Kellogg Brown & Root, ei underavdeling av Halliburton, selskapet som Dick Cheney brukte å styre. I hovudsak fekk Kellogg Brown & Root jobben med å rydde opp i Irak. Det som pleier å skje er at ting som eit problem eller ein politikk manifesterer seg som ei rettleiing. Det blir ein karakter av noko slag, som han i Fall Dog. Det er denne fyren som seier: 'Eg er forbanna rik'. Du veit, 'Kast alt du liker på meg, baby, for eg er forbanna rik. Det plagar meg ikkje.'.»[1]

Biografen Nicholas Pegg skreiv si tolking av songen: «Nøkkelen ved dette høvet er den fryktelege situasjonen i global politikk då Reality vart spelt inn. Albumet vart spelt inn under opptakten til og starten på Irak-krigen, og det er umogleg å høyra tekstar som 'I don't care much, I'll win anyway.../I'm goddamn rich, an exploding man/When I talk in the night, there's oil on my hands' uten å tenke på den mest openberre resonansen til desse linjene. Det ville ikkje vore særskild ekstravagant å rekne at «Månen» i tittelen syner til den islamske halvmånen, og dermed er kandidatane til «Fall Dog» ganske tydelege.»[1]

«Fall Dog Bombs the Moon» er basert på korte melodiske motiv, slik det verka å vere på det føregåande albumet, Heathen.[2]

Eit konsertopptak av songen, spelt inn i november 2003 under Reality-turneen, kom ut på albumet A Reality Tour som vart gjeve ut i 2010.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Nicholas Pegg, The complete David Bowie, Reynolds & Hearn, 2006, p. 72.
  2. James E. Perone, The Words and Music of David Bowie, Greenwood Publishing Group, 2007, s. 140.

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya