Andreas Aagaard Kiønig (8. august 1771 –1. mars 1856 ) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Kiønig var fødd i Grue . Han vart uteksaminert cand.jur. i 1790 . Åra 1793 til -98 var han tilsett i kanselliet i København . Frå 1798 var han sorenskrivar i Østerdalen .
Kiønig var med i riksforsamlinga i 1814 som 2. utsending frå Hedmark. På Eidsvoll slutta han seg til sjølvstendepartiet .
Same året, 1814, vart han tilsett som assessor i Noregs Høgsterett .
I 1836 var Kiønig ein av kandidatane til stillinga som høgsterettsjustitiarius , men det vart Georg Jacob Bull som vart utnemnd. Kiønig trekte seg då, 1837, frå Høgsterett.
I eigenskap av høgsterettsdommar var Kiønig medlem av riksrettane 1815-16, 1821-22 og 1836, ved det siste høvet som fungerande justitiarius. Ved riksretten 1827 melde han forfall grunna sjukdom.
I perioden 1816-21 var Kiønig statsrevisor .
Kiønig, som levde ugift, døydde på garden sin, Oppsal, i Elverum . Eit minnesmerke vart reist på grava hans på Elverum kyrkjegard.
Kjelder
Bakgrunnsstoff