«(Marie's the Name) His Latest Flame» er ein song som vart spelt inn av Elvis Presley og publisert av Elvis Presley Music i 1961. Han vart skriven av Doc Pomus og Mort Shuman og opphavleg spelt inn av Del Shannon for albumet Runaway With Del Shannon, som kom ut i juni 1961.[2][3][4] Den meir kjende og suksessrike innspelinga til Presley kom ut i august 1961. Den relativt intense melodien, med ein Bo Diddley-rytme, gjorde det godt på både pop- og easy listenening-stasjonane og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på Easy Listening-lista. Singelen (gjeven ut som ei dobbel A-side med «Little Sister», som i Statane) og låg fire veker på toppen av UK Singles Chart[5] — ein av ni Presley-songar på toppen av den britiske singellista mellom 1960 og 1962.
Songen vart spelt av det alternative rockebandet The Smiths (som ein del av ein live medley med songen «Rusholme Ruffians», noko ein finn på albumet Rank), punkbandet Misfits, heavy metal-bandet Scorpions og det italienske alternative rockebandet Verdena, i tillegg til Brian May. El Vez gav ut ein singel med songen, og endra tittelen til «Maria's the Name (of His Latest Flame)».
Songen vart òg spelt inn av R. Stevie Moore i 1984 på albumet Everything. I 1987 gav Marco T ut ein spansk versjon av songen i Colombia.
Ein tysk versjon kalla «Sie war all' sein Glück» vart skriven av Camillo Felgen og framført av Ted Herold i 1961.
Ein fransk versjon kalla «Sa grande passion» vart skriven av Lucien Morisse og André Salvet, og framført av Richard Anthony, Les Champions, Jackie Seven, François Deguelt, alle i 1961, og Dalida i 1991. Ein annan fransk versjon vart kalla «Mon vieux copain» og skriven av Bertrand Bédard. Han framførte denne versjonen sjølv i 1970, og ein annan versjon med denne teksten vart framført av Johnny Farago.
Ein nederlandsk versjon vart omsett av Stijn Meuris og kalla «Zijn laatste vlam». Denne vart framført av Noordkaap i 1992.
Kari Kukkola skreiv ein finsk song kalla «Pois raiteiltaan» og framført av Johnny & The Dodgers i 2010.