Etter Presley kom attende frå militærtenesta i hæren i mars 1960 vart all tvil om han kunne gjenskape suksessen frå 1950-åra fjerna. Det året gjekk alle dei tre singlane hans til topps på listene og det første albumet hans, Elvis Is Back!, hadde nådd andreplassen på albumlista. MusikalfilmenG.I. Blues hadde vore ein stor suksess og det tilhøyrande albumet gjekk til topps på albumlista.[5]:147
Han pressa på og gjekk inn i Studio B i Nashville og spelte inn elleve songar for dette albumet i løpet av 12 timar. I tillegg spelte han inn singelen «I Feel So Bad».[5]:148 Singelen var opphavleg meint som den tolvte songen på albumet, men Presley valte, etter at RCA-sjefen Bill Bullock overstyrte manageren hans, som ønskte «Wild in the Country» med «I Slipped, I Stumbled, I Fell» som singel, å gje ut songen i lag med tittelsporet til filmen Wild in the Country. Ein annan song som hadde vore med i filmen og som ikkje var gjeven ut før, «I Slipped, I Stumbled, I Fell», vart den siste songen på albumet.[5]:156
13. juli 1999 kom albumet ut på CD med seks bonusspor, fire singlar og to b-sider spelte inn over eitt år og gjeve ut i 1961 og 1962. Rekkefølgja på albumet vart òg endra. Alle sidene nådde topp 40 då dei kom ut, på ei tid då Billboard og førte opp B-sidene på lista, og to av singlane, «Surrender» og «Good Luck Charm», nådde toppen av singellista. «Surrender» vart spelt inn under innspelinga av gospelalbumHis Hand in Mine frå 1960. Heile utgåva frå 1999 kom ut på Legacy Edition-utgåva av Elvis Is Back! i 2011. Bonusspora vart alle spelte inn i Studio B i Nashville.
I 2006 kom Something for Everybody ut på ny for Follow That Dream i ei dobbelutgåve med originalplata og mange alternative opptak.[6][7]
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN1-57859-061-2.
↑Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 122. ISBN1-84353-417-7.
↑«Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta May 13, 2013. Merk: Søk på «Something For Everybody»
↑ 5,05,15,2Jorgensen, Ernst. Elvis Presley, A Life In Music. New York: St. Martin's Press, 1998; ISBN 0-312-18572-3