«Too Much» er ein song som vart ein hit for Elvis Presley og vart publisert av Elvis Presley Music i 1956. Han var skriven av Bernard Weinman og Lee Rosenberg. Songen vart først spelt inn i 1954 av Bernard Hardison for Republic Records. Elvis Presley spelte inn songen i september 1956 og framførte han den 6. januar 1957 på CBS-TV-programmet «The Ed Sullivan Show». Songen vart gjeven ut på singel og nådde toppen av Cashbox-lista og tredjeplassen på R&B-lista.[1] Singelen nådde andreplassen på lista som då hadde namnet Top 100, hovudlista til Billboard.[2][3]