«Tutti Frutti» er ein song skriven av Little Richard i lag med Dorothy LaBostrie og spelt inn i 1955. Dette var den første store hitten hans. Med opninga «A-wop-bom-a-loo-mop-a-lomp-bom-bom!» (ei verbal utgåve av trommemønsteret Little Richard hadde sett for seg)[1] den drivande stilen og ville teksten, vart han ikkje berre ein modell for mange framtidige Little Richard-songar, men òg for rock and roll i seg sjølv.[2] Songen introduserte fleire av dei mest karakteristiske trekka ved rocken, som det høge volumet og ein vokalstil som la vekt på kraft, med ein markant rytme.[3]
I 2007 kåra eit panel av kjende artistar «Tutti Frutti» til førsteplassen på lista til Mojo over dei 100 beste songane som endra verda, og vart hylla som «starten på rock and roll». I 2010 innlemma Library of CongressNational Recording Registry songen i registeret sitt og skriv at han hadde «unik vokalisering over ein uimotståeleg rytme som annonserte ein ny æra i musikken».[4][5] I april 2012 erklærte magasinet Rolling Stone at songen «framleis har det som vert rekna som den mest inspirerande teksten i rocken nokon gong: 'A-wop-bom-a-loo-mop-a-lomp-bom-bom!!'»[6]
Undervegs i innspelinga vart ikkje den anarkistiske framføringa til Little Richard heilt fanga på band. I frustrasjon under ein lunsjpause, byrja han å hamre laus på pianoet og song ein grov song han hadde skrive sjølv, og som han hadde framført i fleire år.[9] I følgje somme soger skreiv han og framførte songen med han arbeidde som vaktmeister på ein busstasjon.[10] Songen han song var eit musikkstykke han «hadde polert på klubbar i Sørstatane».[11] Little Richard song:
«A-wop-bom-a-loo-mop-a-lomp-bom-bom!!
Tutti Frutti, good booty»
Etter ei livleg framføring visste Blackwell at dette var ein hit, men innsåg at teksten med «trubadurpoesi og seksuelle humor» måtte endrast.[11]
Blackwell kontakta den lokale låtskrivaren Dorothy LaBostrie for å skrive om teksten, som Little Richard framførte med sin karakteristiske stil. I følgje Blackwell forstod ikkje LaBostrie melodien, men ho var ein «produktiv låtskrivar».[12]
Den originale teksten, der «Tutti Frutti» syner til ein homoseksuell mann, var:
«Aw rooty» var eit slanguttrykk for «All right» (i orden, heilt greit eller OK på norsk).
I tillegg til Penniman og LaBostrie, står eit tredje namn oppført som medlåtskrivar. Somme kjelder meiner dette var eit pseudonym av Specialty-eigaren Art Rupe for at han skulle få somme honorar for somme av songane på selskapet sitt,[7] men andre hevdar låtskrivaren var Joe Lubin.[14]
Låtskrivaren LaBostrie har sagt at «Little Richard skreiv ikkje noko av 'Tutti Frutti.'» Ho fekk framleis honorar på rundt 5000 dollar kvar tredje til sjette månad for songen i 1980-åra.[15]
Blackwell sa at dei ikkje hadde tid til å lage eit nytt arrangement, så Little Richard spelte inn den reviderte songen på tre forsøk, etter kring 15 minutt, med det originale pianopartiet. Innspelinga gjekk føre seg 14. september 1955.[7] Utgjeve på Specialty 561 gjekk plata inn på BillboardRhythm and Blues-lista i slutten av november 1955 og nådde andreplassen tidleg i 1956. Songen nådde òg 17. pplassen på poplista i USA. I Storbritannia nådde han berre så vidt topp 30 i 1957 med B-sida «Long Tall Sally».
Innverknad
«Tutti Frutti» vart tittelen på ein av dei første bøkene om utviklinga av rock and roll og pop frå 1950-åra, Nik Cohn-boka «Awopbopaloobop Alopbamboom» (1969). I 2010 innlemma amerikanske Library of CongressNational Recording Registry innspelinga i registeret sitt.[16]
Med element av boogie, gospel og blues, introduserte fleire av dei mest karakteristiske trekka ved rocken, som høgt volum og ein vokalstil om vektla kraft, i tillegg til ein markant rytme. Rytmen har røter i boogie-woogie, men Richard gjekk bort frå shufflerytmen og introduserte ein markant, ny rockerytme. Den nye rytmen i songen vart ein standard for rockerytme, seinare forsterka av Chuck Berry.[3]
Eit utval av plateartistar stemnde i 2007 «Tutti Frutti» til topps på lista til Mojo over dei 100 beste songane som endra verda, og vart hylla som «lyden av starten på rock and roll».[17] Songen ligg på 43. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjenno tidene.[18]
Songen har blitt spelt av mange artistar. Etter Pat Boone fekk suksess med «Ain't That a Shame», vart den neste singelen hans «Tutti Frutti», langt meir tona ned enn originalen. Boone sin versjon nådde 12. plassen på den nasjonale poplista, medan Little Richard sin versjon låg like bak på 17. plassen.[19] Boone sjølv har sagt at han ikkje ønskte å spele inn «Tutti Frutti» fordi «han gav ikkje meining» til han, men produsentane hans overtydde han om å lage ein annan versjon sidan dei meinte han ville gje dei store inntekter.[20]
Little Richard innrømde at sjølv om Boone «tok musikken hans,» gjorde populariteten til Boone at han sjølv fekk høgare status i den kvite musikkindustrien.[21]
Elvis Presley-versjonen
Elvis Presley spelte inn songen[22] og han vart gjeven ut på det første RCA-albumet hans, Elvis Presley 23. mars 1956. Presley-versjonen nyttar «A-wop-bop-a-loo-bop-a-lop-bam-boom!» for kvart vers,[22] og avslutta frasen med «bam-boom» i staden for «bom-bom.» Elvis sin versjon av «Tutti Frutti» vart òg gjeven ut som ein EP og som singel.
The Beatles-versjonar
I følgje forfattaren Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 365) framførte The Beatles «Tutti Frutti» på konsertane sine frå minst 1960 til 1962 (i Hamburg, Liverpool og andre stader). Visstnok var det alltid Paul McCartney som song songen, men det er ukjend om versjonen deira var basert på Elvis eller Little Richard. Det finst ingen opptak frå desse åra av songen. I følgje Allen J. Weiner i «The Beatles - The Ultimate Recording Guide» (s. 225) vart songen spelt inn under den massive Get Back-innspelinga. Nokre månader seinare spelte George Harrison ein konsertversjon som vart spelt inn i København med Delaney and Bonnie og Eric Clapton. Denne kom ut på eit piratkopialbum. I 1972 spelte Ringo Starr trommer på ein kort versjon med Elton John på piano og T. Rex-songaren Marc Bolan på vokal. I 1990-åra spelte Paul McCartney ti slutt inn ein versjon av «Tutti Frutti» under ein lydsjekk, men i ein særs tilbakelent versjon som minna om Boone sin frå 1956.