«Ready Teddy» er ein song skriven av John Marascalco og Robert Blackwell, og vart først gjort populær av Little Richard i 1956.[1]
Han har sidan blitt spelt av Buddy Holly, The Tornados, Elvis Presley, Tony Sheridan og andre og er ein rock and roll-standard. «Ready Teddy» er ein livleg rock and roll-song. Han vart mest kjend den 9. september 1956 då Elvis Presley framførte han for 60 millionar sjåarar under si første førestilling på The Ed Sullivan Show på CBS. 82,6 % av sjåarane i USA såg sendinga, den største sjåarandelen i amerikansk fjernsynshistorie. Songen vart seinare nytta i Federico Fellini-filmen La Dolce Vita (1960) i ein versjon av den italienske rockaren Adriano Celentano.
Kjelder
Bakgrunnsstoff