The King of Rock and Roll var det andre studioalbumet Little Richard spelte inn for Reprise Records . Albumet kom ut i oktober 1971 og inneheld ein original Little Richard-song, gospel-rockesongen «In the Name» og ein ny song skriven i lag med produsenten H.B. Barnum, «Green Power». Sistnemnte vart gjeven ut på singel. I tillegg inneheld albumet songar av artistar så forskjellige som Hank Williams , The Temptations , Martha and the Vandellas , Three Dog Night og The Rolling Stones . Tittelsporet og albumet opnar med at Little Richard vert introdusert som ein konge og nemner artistar som Tom Jones , Elvis Presley , Ike & Tina Turner , Sly and the Family Stone og Aretha Franklin .
Mottaking
Albumet fekk negativ omtale i Rolling Stone , der Vince Aletti skreiv «mykje av albumet er designa rundt prateprogram-personen og ikkje songaren, og gjev albumet ei kjensle av preike-ekstravaganse».[ 1]
Innhald
Medverkande
Resten av musikarane er ikkje identifiserte.
Salslister
Album
År
Liste
Plassering
1971
Billboard Pop Albums
193
Kjelder
Studioalbum Konsertalbum Singlar Tilknytte tema