Midnight Special

Midnight Special
Song
Sjanger Countryblues
Låtskrivar(ar) Tradisjonell
The Midnight Special
Song av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Willy and the Poor Boys
Utgjeve 1969
Innspelt 1969, Fantasy Studios, Berkeley, California
Sjanger
Lengd 4:13
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) Tradisjonell
Produsent John Fogerty

«Midnight Special» er ei tradsjonell folkevise som ein meiner hadde sitt opphav hos fangar i Sørstatane i USA.[1] Tittelen kjem frå refrenget.

Let the Midnight Special shine her light on me,
Let the Midnight Special shine her ever-loving light on me. (trad.)

Songen har gjennom musikkhistoria vorte mykje spelt i country-blues-stil frå fangen sitt synspunkt, og har vorte spelt av mange forskjellige artistar.

Historie

Første gong teksten til songen kom på trykk var av Howard Odum i 1905.[2] som t.d.:

Get up in the mornin' when ding dong rings,
Look at table—see the same damn thing.

Første gong notane kom på trykk var i 1923.[3]

Første gong songen vart gjeve ut på på pplate var i 1926 som «Pistol Pete's Midnight Special» av Dave «Pistol Pete» Cutrell (eit medlem av McGinty's Oklahoma Cow Boy Band).[4]

I mars 1929 gav bandet, no kalla Otto Gray and the Oklahoma Cowboys, ut songen på ny, og denne gongen med den tradisjonelle tittelen.[5]

Sam Collins spelte inn songen og gav han ut i 1927 med tittelen «The Midnight Special Blues» for Gennett Records. [6] Versjonen hans følgjer den tradisjonelle stilen.

I 1934 gav Huddie William «Lead Belly» Ledbetter spelte inn ein versjon ved Angola Prison for John og Alan Lomax, som gav han kredit for songen. Ledbetter spelte inn minst tre versjonar av songen, ein med the Golden Gate Quartet, ei gospelgruppe, 15. juni 1940. Ledbetter endra fleire av tekstlinjene i songen og har fått æra for å gjere songen kjend.

Andre versjonar

Johnny Rivers, Paul Evans, Big Joe Turner og Creedence Clearwater Revival har alle velkjende versjonar av songen. Andre artistar som ABBA, Mungo Jerry, Van Morrison, Odetta, D.O.A., Sonny Terry & Brownie McGhee, Little Richard, Buckwheat Zydeco, Mischief Brew, Josh White, Pete Seeger, Spencer Davis Group, Eric Clapton og Paul McCartney har òg spelt songen.

Kjelder

  1. Lomax, American Ballads and Folk Songs, s. 71
  2. Oliver, Songster and Saints, s. 247
  3. Cohen, Long Steel Rail, s 479
  4. Russel, Country Music Records, s. 240
  5. Waltz, The Traditional Ballad Index "The Midnight Special" (Vocalion 5337; c. 1929)."
  6. Diskografien til Sam Collins.