Aretha Louise Franklin (25. mars 1942–16. august 2018) var ein amerikansk soul- og R&B-songar, kjend som The Queen of Soul og eit av dei største kvinnenamna innan dennen sjangeren.
Franklin var fødd i Memphis i den amerikanske delstaten Tennessee. Ho tok tidleg til med å synga gospel og gav ut si første plate som 14-åring, The Gospel Soul of Aretha Franklin, i 1956. På andre halvdelen av 1960-talet gjorde ho ei rekke soul-innspelingar som er blitt klassikarar, til dømes «Respect», «I Never Loved a Man» og «You Make Me Feel Like a Natural Woman». Ho fekk to songar på førsteplass på Billboards Topp 100: «Respect» i 1967 og «I Knew You Were Waiting (For Me)», ein duett med George Michael, i 1987.
Kjelder
Bakgrunnsstoff