Billboard er eit USA-amerikansk musikkmagasin grunnlagt i 1894. Det er mest kjent for sine lister over dei mest selde platene i USA. Dei mest prestisjefylte listene er Billboard Hot 100 (for singlar) og Billboard 200 (for album). I tillegg har magasinet ei rekkje lister innan forskjellige musikksjangrar, både for singlar og album, og lister for songar som har fått mest speletid på radio.
Historie
Fyrste utgåva av Billboard blei gjeven ut i Cincinnati i Ohio av William Donaldson og James Hennegan den 1. november 1894.[1][2] Bladet tok for seg reklame og plakatindustrien, og hadde tittelen Billboard Advertising.[3][4] På denne tida var plakatar, annonsar i aviser og reklametavler eller engelskbillboards på offentlege stader dei viktigaste formene for reklame.[4] Tittelen blei endra til The Billboard i 1897.[5]
Hot Country Songs. Lista er mellom anna basert på tal på strøyming, tal på sal av digitale nedlastingar, og tal på avspeling av songar på radiostasjonar i USA. Slik har det vore sidan lista frå 20. oktober 2012.
Country Airplay. Lista har hatt namnet sidan 20. oktober 2012, men Billboard hadde tilsvarande liste berre for radioavspelingar i periodar av dei 23 føregåande åra.
↑ 4,04,1Godfrey, Donald G.; Leigh, Frederic A. (1998). Historical Dictionary of American Radio. Westport, CT: Greenwood Press. s. 45. ISBN978-0-313-29636-9.
↑Dinger, Ed. Nielsen Business Media, Inc. International Directory of Company Histories98. s. 260–265.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2022