Delstaten har vore viktig i utviklinga av amerikansk musikk. Særleg i Appalachane har folkemusikk av skotsk og irsk opphav blomstra. Seinare utvikla country og bluegrass seg frå denne folkemusikken, med Nashville som eit viktig sentrum. Tidleg på 1900-talet var Memphis ein viktig by i utviklinga av blues, og i 1950-åra var det her Elvis Presley bidrog til å blanda blues og country til rock'n'roll.