I 1917 kjøpte USA den strategisk plasserte øygruppa frå Danmark for 25 millionar dollar. USA ville sikre seg mot at ho fall i tyske hender.
Den siste større amerikanske jomfruøya, Water Island, blei først kjøpt av det danske vestindiakompaniet i 1905. USA kjøpte så øya i 1944, men ho blei først innlemma i jomfruøyterritoriet i 1996.
Samfunn
Styresett
Dei amerikanske Jomfruøyane har status som eit organisert, oversjøisk uinnlemma territorium i USA.[3] Dei er eit sjølvstyrt representativt demokrati der guvernøren har den utøvande makta. Senatet har den lovgjevande makta. Det har femten senatorar som blir valde annakvart år.[4] Sidan 1970 har innbyggjarane vald guvernør kvart fjerde år.[5]
↑«Virgin Islands - History». Encyclopaedia Brittanica. Henta 2. januar 2020. «All military, civil, and judicial power was invested in a governor appointed by the president of the United States./In 1968 an act was approved, which took effect in 1970, legalizing the popular election of the islands’ governor and lieutenant governor for four-year terms.»