Vermont er ein delstat nordaust i USA. Hovudstaden er Montpelier. Målt i areal er Vermont ein av dei minste delstatane i USA. Han grensar til delstatane New York, New Hampshire og Massachusetts og har riksgrense mot Canada i nord.
Vermont er del av New England. Namnet «Vermont» kjem frå det franske «Verts monts» ('Grøne fjell'), og delstaten har kallenamnet «The Green Mountain State».