Alabama (frå choctawalba almoh, kanskje 'krattskogryddarane') er ein delstat i det sørlege USA med rundt 4,9 millionar innbyggjarar.
Han grensar til Tennessee i nord, Georgia i aust, Florida og Mexicogolfen i sør og Mississippi i vest. Alabama er ein del av Sørstatane, og er blitt kalla «Heart of Dixie». Andre tilnamn er Cotton State etter den store bomullsproduksjonen her og Yellowhammer State etter delstatsfuglen gulspett.[1]
Alabama er med ei flatevidd på 135 765 km² den 30. største av USAs delstater etter areal, og med 4,8 millioner innbyggere den 23. største delstaten etter befolkning. Delstatshovudstaden i Alabama er Montgomery, men dei største byområda er Birmingham, Huntsville og Mobile.