Maine er ein delstat i USA. Han ligg på austkysten av landet og grensar mot delstaten New Hampshire i vest, Canada i nordvest, nord og aust, og har kyst mot Atlanterhavet i søraust. Hovudstaden er Augusta.
Maine vart skilt ut frå Massachusetts i 1820. Området er rekna som ein del av New England.