Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.
Maldivane er ein øystat i Indiahavet som ligg sør-sørvest for India. Ho inneheld 1 192 øyar, men det bur folk på berre 200 av dei. Hovudnæringane er turisme og fiske.
Dei særskilde atollrekka blei skapt av korallar mellom 65 og 200 millionar år sidan oppå ein utdøydd vulkansk fjellkjede.
Det har budd folk på øyane i minst 2.500 år, kanskje endå lengre. Dei opphavlege busetjarane var truleg dravidiske folk frå Sør-India som snart blei følgde av indoeuropearar, truleg frå Sri Lanka. Kulturen på øyane fekk mykje påverknad frå Sri Lanka, og var lenge buddhistisk. Det maldiviske språket dhivevi er i slekt med singalesisk.
Men nye sjøfarande folk kom etter kvart i kontakt med øybuarane, og i 1151 konverterte den maldiviske kongen til islam, noko folket snart gjorde etter. Herskaren tok namnet Muhammad al-Adil og grunnla eit muslimsk sultanat som skulle vara fram til 1968. Den arabiske påverknaden kan ein sjå på dhiveviskrifta, som bygger på arabisk skrift.
Etter at øygruppa fekk sjølvstende i 1965 fortsette sultanen å styra i tre år før sultanstyret blei avskaffa den 11. november1968. Maldivane blei republikk og fekk det noverande namnet sitt.
Maumoon Abdul Gayoom har hatt makta i landet sidan 1978. Han er blitt prøvd avsett i tre mislukka statskupp. Etter det siste tok Gayoom til å innføra nokre demokratiske reformer, til dømes ein ny grunnlov i 1998 som gjorde det lovleg for andre å stilla som presidentkandidat.
Geografi
Maldivane har 26 naturlege atollar som er delte inn i 20 «administrative atoll». Kvart av desse er styrt av ein atolleiar, atholhu veriyaa.
Det minste administrative atollen er Fua Mulaku. Det dekker berre ei øy, men til gjengjeld er ho den største i Maldivane. Det største atollen i verda såvel som i øygruppa er Huvadhu.
Det høgaste punktet på Maldivane er 2,3 moh., noko som gjer det til det flataste landet i verda, og svært utsett for eit eventuelt høgare havnivå. Underleg nok har havnivået tvert imot sokke på øyane i dei siste tiåra.
26. desember2004 blei Maldivane trefte av 10 meter høge bølgjer frå ei flodbølgje forårsaka av eit undersjøisk jordskjelv. Nesten heile øygruppa blei overfløymd. Minst 75 menneske blei sakna, inkludert 6 utlendingar. All infrastruktur blei øydelagd på 13 av dei folkesette øyane. Hovudstaden Male blei verna av ein 3,5 m høg molo utanfor byen som tok det meste av krafta frå bølgja.
Klima
Maldivane har eit tropisk klima med mykje nedbør og høge temperaturar året rundt. Øyane nær eller sør for ekvator har nedbøren jamt fordelt gjennom året eller eit lite maksimum i perioden november til mars. Byen Male har ein årleg nedbørsnormal på 1613 mm. Dei nordlege øyane vert av og til råka av kraftige tropiske syklonar i Arabiahavet mellom august og november. Desse fører med seg svært kraftig vind og svært mykje nedbør.
Folkesetnad
Maldivarane er eit nokså likt folkeslag med ei rekke forskjellige røter: Dravidiske, indoeuropeiske, arabiske, australasiatiske og afrikanske. Dei fleste maldivarane høyrer til sunniislam, berre nokre få indiske innvandrarar høyrer til andre religionar.
Av dei 300 000 innbyggjarane på Maldivane bur 80 000 i hovudstaden Male.