Detroit er den største byen i delstatenMichigan i USA. Han har 886 675 innbyggjarar (2005), og er dermed den tiande største byen i USA. Detroit ligg i Wayne County.
Detroit er namngjeten som sentrum for bilindustrien i USA, og for musikkmiljøet i byen. Detroit har difor fått tilnamna «Motor City» og «Motown». Detroit er òg kjend for høg kriminalitet, han er ein av dei farlegaste byane i USA.
Geografi
Byen har namnet «Detroit» på grunn av at han ligg ved Detroitelva (frå fransk «Rivière du Détroit», 'sund-elva'). Detroit ligg mellom to sjøar, Eriesjøen og St. Clair-sjøen.
Detroit har eit areal på 370,2 kvadratkilometer.
Klimaet i Detroit er typisk for Midtvesten, med kalde vintrar og varme somrar. Som ei følgje av nærleiken til dei store sjøane er det mykje snø i Detroit om vinteren.
Detroit ligg attmed grensa til Canada, og har tunnelsamband til byen Windsor på den andre sida av grensa.
Økonomi
Henry Ford starta bilselskapet Ford i Detroit i 1903, og i heile det tjuande hundreåret har byen vore hovudsetet for bilindustrien i USA. Dei to andre store bilprodusentane i landet, General Motors og DaimlerChrysler, held òg til i Detroit.
Tilbakegangen i bilindustrien har gjort at det dei siste åra har vorte mange arbeidslause industriarbeidarar i Detroit.