1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Eriesjøen (engelsk Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km² og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km³ vatn.
Sjøen er kalla opp etter irokesarstammenerie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.
Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.