«Don't Be Cruel» var den første songen som forleggjarane til Presley, Hill and Range, gav til han.[2] Blackwell var meir enn nøgd med å gje frå seg halvparten av honorara som låtskrivar til Presley og sikre at ein «heit, ny songar spelte han inn».[1]
Freddy Bienstock, forleggjaren til Elvis, ga følgjande forklaring til kvifor Elvis vart tilskriven på songar som «Don't Be Cruel.» «På denne tida kunne Elvis vere misnøgd med somme tekstlinjer og han gjorde endringar, så det var ikkje berre for å få ein del av kaka. Namnet hans stod ikkje oppført som låtskivar etter det første året.[3] Men om Elvis likte songen, kunne låtskrivarane bli tilbydd ein garanti på ein million plater om dei gav frå seg ein tredjedel av honorara til Elvis.»[4]
Presley spelte inn songen 2. juli 1956 under ei lang innspeling i RCA sitt studio i New York City.[1] Under denne innspelinga spelte han òg inn «Hound Dog» og «Any Way You Want Me».[2] Songen vart spelt inn med det faste bandet til Presley med Scotty Moore på sologitar (med Presley vanlegvis på rytmegitar), Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer, og korvokal av The Jordanaires. Innspelinga vart offisielt produsert av Stephen H. Sholes frå RCA, men studioinnspelina syner at Presley produserte songane sjølv med å velje ut songar, omarbeide arrangementet på piano og insisterte på 28 forsøk før han var nøgd.[1] Han spelte òg 31 forsøk av «Hound Dog».[2]
Utgjeving
Singelen vart gjeven ut 13. juli 1956 med «Hound Dog» på andre sida.[1] I løpet av få veker hadde «Hound Dog» nådd andreplassen på poplista med over ein million selde singlar.[2] Kort tid etter tok «Don't Be Cruel» over med førsteplassen på alle dei tre viktige listene: pop, country og R n'B.[1] Mellom dei låg begge osongan epå toppen av poplista i 11 veker, og tangerte rekorden til Anton Karas med «The Third Man Theme» og Johnnie Ray med «Cry» for lengste periode på toppen av lista. Rekorden vart først slått av «End of the Road» av Boyz II Men i 1992. Mot slutten av 1956 hadde singelen seld over fire millionar eksemplar.[1][2]Billboard rangerte songen på andreplassen for 1956.[5]
Presley spelte «Don't Be Cruel» på alle tre framsyningane hans på The Ed Sullivan Show i september 1956 og januar 1957.[1]
«Don't Be Cruel» vart den mestseljande singelen til Presley i 1956 og hadde i 1961 seld over seks millionar eksemplar.[1] Han vart mykje spelt på konsertane hans fram til han døydde i 1977, ofte i lag med «Jailhouse Rock» eller «(Let Me Be Your) Teddy Bear» frå 1969.[1]
Beatles-versjonen
I følgje forfattaren Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 362) framførte The Beatles songen på konsertane sine frå 1959 og fram til minst 1961, om ikkje enno lenger. Det finst ingen kjende innspelingar av versjonen deira. Dei spelte til slutt inn ein tilbakelent versjon under Get Back-innspelinga i 1969, men denn vart ikkje gjeve nut. John Lennon, Ringo Starr, Pete Best og dei tidlegare bandmedlemmane til Lennon, The Quarrymen, og Tony Sheridan (som vart spurt om å bli med i The Beatles) spelte alle inn versjonar av han.
Jonathan Rhys Meyers mina til originalversjonen av songen i ein scene frå Elvis, der han spelar songen på Jacksonville Theater.
Suzi Quatro vart inspirert av Presley som song «Don't Be Cruel». Ho er den første kvinnelege bassisten som vart ei stor rockestjerne. Dette braut barrierer for kvinner i rock.[10]:1–3[11]