«I Got Stung» er ein kjapp rock and roll-song skriven av Aaron Schroeder og David Hill og framført av Elvis Presley,[1] som spelte han inn og gav han ut i 1958. Songen vart gjeven ut som dobbel A-side med «One Night», og nådde toppen av salslista i Storbritannia.[2] Dette vart den siste songen Presley spelte inn i 1950-åra, den 11. juni 1958, då han drog til Nashville før militærtenesta si.[2]
Songen vart gjeven ut på ny i Storbritannia i 2005 og nådde då toppen av singellista der i lag med «One Night».[3]
Andre versjonar
Songen er omsett til fleire andre språk:
- Ein tysk versjon kalla «Wunderbar, wie du Heut' wieder küßt» skriven av Joachim Relin og framført av Ted Herold i 1958.
- Ein fransk versjon kalla «J'suis mordu» skriven av Daniel White og framført av Johnny Hallyday i 1960.
- Ein dansk versjon kalla «Brutale løg» skriven av Bosse Hall Christensen, Paul Meyendorff, Michael Hardinger, Jens Tage Nielsen, Niels Grønbech og Michael Bundesen og framført av Shu-bi-dua i april 1974.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Filmmusikkalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
Piratkopiplater | |
---|
Biografifilmar | |
---|
Dokumentar | |
---|
TV-program | |
---|
Teater basert på Elvis | |
---|
Topp 10-singlar | |
---|
Tilknytte folk | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|