«Blue Moon of Kentucky» er ein vals skriven i 1946 av bluegrass-musikaren Bill Monroe og spelt inn av bandet hans, The Blue Grass Boys. Songe har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Elvis Presley. I 2003 vart songen innlemma i United States Library of Congress National Recording Registry.
Historie
«Blue Moon» er den offisielle bluegrassongen til Kentucky. I 2002 vart Monroe-versjonen ein av 50 innspelingar Library of Congress valde ut det året for National Recording Registry. I 2003 rangerte CMT «Blue Moon» på 11. plassen på lista si over dei 100 beste countrysongane.
Bill Monroe skreiv songen i 1946 og spelte han inn for Columbia Records den 16. september. Songen kom ut tidleg i 1947.[1] På den tida bestod The Bluegrass Boys av vokalisten og gitaristen Lester Flatt og banjoisten Earl Scruggs, som seinare danna sitt eige bluegrass-band, Foggy Mountain Boys. Både Flatt og Scruggs spelte på innspelinga, medan Bill Monroe song.
Songen er skildra som ein «bluegrass-vals» og vart ein stor hit i USA i 1947[2] og vart òg populær med andre bluegrass-, country- og tidlege rockabilly-artistar. Songen vart mykje framført på Grand Ole Opry og andre stader.[2]Carl Perkins spelte ein raskare versjon av songen under dei tidlege konsertane sine.
Songen vart gjeven ut som B-sida til den aller første Elvis Presley-singelen, «That's All Right»[3] på Sun Records i juli 1954. Dei hadde leita etter ein song å plassere B-sida og valde «Blue Moon of Kentucky» via Bill Black. Scotty Moore fortalte: «Me visste alle at me trengde ein song til... og det verka håplaust ei stund. Bill kom då med 'Blue Moon of Kentucky'...Me tok ein pause og han byrja å hamre på bassen sin og song 'Blue Moon of Kentucky', og etterlikna Bill Monroe med den høge falsettstemma si. Elvis slengde seg med og byrja å spele og syngje i lag med.»[4]}}
Presley, Moore og Black vart oppmuntra av Sam Phillips, og omgjorde den langsame valsen til Monroe, i 3/4-takt, til ein kjapp, bluesaktig song i 4/4-takt.
Etter ei tidleg utgåve av songen skal Sun Records-eigaren Phillips ha ropt ut «BOY, that's fine, that's fine. That's a POP song now!.»[5] Som med alle dei tidlege Presley-singlane på Sun, the artists were listed and stylized as «ELVIS PRESLEY SCOTTY and BILL».[6]
Andre innspelingar
I 1954 spelte The Stanley Brothers inn ein versjon av songen med Presley sitt 4/4-arrangement og bluegrassinstrument. Bill Monroe sppelte sidan inn songen i ei blanding av dei to stilartane, og byrja i den originale 3/4-takten før han spelte han i ein livleg 4/4-takt.
↑Sleevenotes to Bill Monroe and his Bluegrass Boys, All the Classic Releases, 1937-1949, CD box set by JSP (2003).
↑ 2,02,1Jerry Naylor and Steve Halliday (2007). The Rockabilly Legends; They Called It Rockabilly Long Before they Called It Rock and Roll. s. 39. ISBN978-1-4234-2042-2.