Levon Helm Levon Helm spelar i 2004 i Village Green i Woodstock i New York . Fødd 26. mai 1940 Fødestad Marvell i Arkansas i USA Død 19. april 2012 (71 år)Dødsstad New York by Fødenamn Mark Lavon Helm Opphav USA Aktiv 1957 til i dag Sjanger Rock and roll , rhythm and blues , rock , blues , country , folk Instrument Vokal, trommer , mandolin , gitar , bass , munnspel Stemmetype tenor Tilknytte artistar The Band , Ronnie Hawkins & The Hawks , Bob Dylan , Levon Helm's Ramble on the Road, Levon Helm and The RCO All-Stars, Ringo Starr & His All-Starr Band Plateselskap Capitol , Mobile Fidelity, MCA , Breeze Hill, LevonVerka som Musikar, låtskrivar, skodespelar, plateprodusent Born Amy Helm Prisar Americana Award for Artist of the Year , Americana Lifetime Achievement Award for Performance
Mark Lavon «Levon» Helm (26. mai 1940 –19. april 2012 ) var ein amerikansk rockemusikar og multi-instrumentalist , som var mest kjend som trommeslagar og ofte solovokalist i The Band . Helm var kjend for den djupe, sjelfulle, countryaktige stemma og den kreative trommestilen frå innspelingane til The Band, som på «The Weight », «Up on Cripple Creek », «Ophelia» og «The Night They Drove Old Dixie Down ». For albumet Dirt Farmer frå 2007 vann han Grammyprisen for beste tradisjonelle folkealbum, og i november same år rangerte musikkmagasinet Rolling Stone han som den 91. beste songaren gjennom tidene.[ 1] I 2010 vann han med Electric Dirt frå 2009 Grammyrpisen for beste americanaalbum, ein kategori som var nystarta dette året.[ 2]
Helm hadde roller i filmane Coal Miner's Daughter , The Right Stuff og The Three Burials of Melquiades Estrada .
Siste bandet Helm spelte i var bluesgruppa The Levon Helm Band, der òg dottera, Amy, spelte.
Han har gjeve ut sjølvbiografien This Wheel's on Fire , der han er særs kritisk til bandmedlemmen Robbie Robertsen si rolle under oppløysinga av The Band.
Hyllester
Marc Cohn skreiv songen «Listening to Levon » i 2007.
«The Man Behind the Drums», skriven av Robert Earl Keen og Bill Whitbeck, på Keen sitt The Rose Hotel
Elton John -songen «Levon» er kalla opp etter han.
Diskografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Studioalbum Konsertalbum Samleplater