Islands er det sjuande studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet The Band, utgjeve i 1977 til blanda kritikk. Dette var det siste studioalbumet deira med dei originale medlemmane.
Albumet bestod hovudsakleg av songar som var spelte inn, men ikkje gjeve ut tidlegare, som coverversjonen deira av «Georgia on My Mind» frå 1976, som vart spelt inn for Jimmy Carter og presidentkampanjen hans[5]. Albumet vart gjeven ut for å oppfylle platekontrakten deira med Capitol Records, slik at filmmusikkalbumet deira The Last Waltz kunne gjevast ut på Warner Bros. Records.