John Simon

John Simon
Fødd11. august 1941
Norwalk, Connecticut, USA
FødestadNorwalk
OpphavUSA
InstrumentPiano, saksofon, tuba, vokal
Tilknytte artistarThe Band
Verka somMusikar, produsent, låtskrivar

John Simon (fødd 11. august 1941) er ein amerikansk musikar, plateprodusent og komponist. Han er mest kjend for arbeidet som produsent og musikar for The BandMusic from Big Pink og The Band.[1][2] Han starta karrieren sin med Columbia Records, der han produserte musikk for mange artistar. Av dei første produksjonane hans finn ein «Red Rubber Ball» av The Cyrkle, som nådde andreplassen i USA i 1966.

Han produserte Cheap Thrills av Big Brother and the Holding Company, debutplata til Leonard Cohen, Songs of Leonard Cohen, Child Is Father to the Man av Blood, Sweat & Tears, Jackrabbit Slim av Steve Forbert og mange andre album. I tillegg har han laga plater som soloartist. Han speler òg tuba på «Rag Mama Rag» av The Band.[2]

Solodiskografi

År Album Selskap
1971 John Simon's Album Water Music Records
1973 Journey Warner Bros.
1992 Out on the Street Pioneer Japan
1995 Harmony Farm Pioneer Japan
Home
2000 The Best and Beyond
2000 Hoagyland: Songs of Hoagy Carmichael Dreamsville
No Band
2006 Baroque Inevitable Sony Music Distribution
Don't Forget What I Told You Warner Bros.

Kjelder

  1. The Band: Music From Big Pink, by Barney Hoskyns
  2. 2,0 2,1 The Band: The Band, by Barney Hoskyns

Bakgrunnsstoff